I Sogndal kommune satsar me på skulen.

Me har:

  • Elevar som er trygge og aktive, og som opplever meistringsglede
  • Lærarar som er fagleg kompetente, og har evne og engasjement til å leie elevane si læring
  • Assistentar, miljøarbeidarar og andre tilsette som skapar og legg til rette for trivsel, læring og meistring i skulekvardagen
  • Foreldre som støttar aktivt opp om barna si læring og utvikling
  • Skuleleiarar som er opne, tydelege, skaper engasjement og utvikling
  • Skuleeigar som engasjerer seg i kvalitet og innhald i skulen
  • Eit lokalsamfunn som ser på skulen som ein viktig samfunnsinstitusjon, og som er positivt til samarbeid

BLI MED PÅ LAGET !