Ylvisåker

Loading map...

 

Badeplassen ligg på Ylvisåkerneset v/RV 55 om lag 7 km. frå Sogndal mot Leikanger. Avkøyrsla frå riksvegen er skilta Ylvisåker.

Badeplassen er ein del av eit større friområde. Ein mindre del av badestranda har leirbotn. Det er gode soltilhøve med morgonsol, men ikkje om kvelden.

Det er parkeringsplass - men det kan verte trongt om plassen på fine dagar.

Badeplassen har utedo (tørrklosett).
Det er strandvolleyballbane i tilknyting til badeplassen, og fotballbane og ballbinge som næraste nabo. Det er båthamn med gjestekai i området.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Web levert av CustomPublish AS