Kommunen avgjer sjølv korleis det skal organiserast, men det skal opprettast eit eige tilbod som berre omfattar 12 timar. Kommunen har difor oppretta eit nytt SFO tilbod frå 8 – 15 kvar dag som er for alle born i SFO.
Kostnaden for dette tilbodet er kr 1440. For førsteklassingar er det gratis.
Legg merke til at du då må velja tilbodet SFO008 for elevar i første klasse i søknadsportalen.
Dersom du har søkt om eit anna tilbod og fått vedtak om det vil du få trekt frå kr 1440 om eleven skal gå i første klasse. Sjå tabell under for oversikt over tilboda.
Matpengar kjem i tillegg sjølv om eleven har tilbod om gratis SFO.
Tabellen under gir ei oversikt over tilboda og pris.
Plasstype | Ordinær pris | Pris 1.klassingar | Matpengar |
---|---|---|---|
SFO001 Heilplass inkl. ferie | 3060 | 1570 | 270 |
SFO002 Heilplass eks. ferie | 2890 | 1400 | 270 |
SFO003 To faste ettermiddagar pr veke eks. ferie | 1090 | 0 | 160 |
SFO004 Ettermiddagsplass eks. ferie | 1970 | 480 | 270 |
SFO005 Morgonplass eks. ferie | 1090 | 0 | 0 |
SFO007 Nytt tilbod 12 timars SFO 8 - 15 (Inkluderer alle ikkje ordinære dagar og 2 dagar pr ferieveke fastsett av skulen). |
1490 | 270 | |
SFO008 Nytt tilbod 1. klassingar 12 timars SFO 8 - 15 (Inkluderer alle ikkje ordinære dagar og 2 dagar pr ferieveke fastsett av skulen). | 0 | 270 | |
Ferietilbod pr veke | 820 | ||
Ferietilbod pr dag | 330 |