Etter at 8A vart plukka ut til å vera Kaupanger skule sitt bidrag i den kommunale konkurransen, kan me ikkje akkurat seia at me har venta i spenning på juryen si avgjerd. Dei siste dagane har tankane våre vore opptekne med heilt andre ting. Difor var det ekstra gledeleg å få melding om at me gjekk av med sigeren. Her er juryen si grunngjeving:

8A ved Kaupanger skule:
  • 8A sitt bidrag kan rett og slett nesten brukast som ein reklamefilm for det framtidige lokalsamfunnet i Kaupanger. Bidraget viser eit særs godt blikk for kva som vil kunne vera ekstra viktig å ivareta og tenkje på dei neste 30 åra.
  • Bidraget inneheld ei rekke innovative og kreative løysingar, med gode koplingar mot klima og bærekraft.
  • Juryen la vekt på at det var utruleg flott å sjå korleis gruppa har tenkt gjennom korleis alt bør henga saman i eit lokalsamfunn. Her er det fokus på gjennomtenkte løysingar som viser realistiske tankar for framtida, samstundes som kreativiteten absolutt skin gjennom heile vegen.
  • Juryen var vidare imponerte over kor innhaldsrikt og detaljert bidraget var. Kombinert med ein meget god presentasjon i videoform var det ikkje tvil om at dette var eit vinnarbidrag.
  • Juryen sette også pris på korleis presentasjonen avslutningsvis fokuserer på prosessen elevane har vore gjennom i dette prosjektet, der dei både har synest at det har vore kjekt, men også har møtt på utfordringar der dei gjennom diskusjon har blitt einige om gode løysingar. Det beviser berre at dei gjennom samarbeid har fått til mykje meir enn dei kanskje hadde klart åleine👏

Fantastisk bra jobba av gjengen! Dette har dei fortent!

Her kan du sjå vinnarbidraget:

Se Kaupanger 2050 8A | Microsoft Stream