Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20210604_134733

Koding er kjekt!

Fredag 4. juni var me så heldige å få besøk av Anne og Vibeke frå Sogn Opplæringskontor. Dei hadde med seg eit kjempekjekt opplegg om koding!

 

20210603_104850

Tur til museet

Torsdagen hadde me oss ein fin tur til museet. Me gjekk i samla flokk frå skulen, tok ein liten drikkepause på Kvednhushaugen, før me traska vidare. Då me kom fram, delte me oss i grupper og gjekk naturstiane som er på området. Etter mat såg me på utstillingane inne i Helgheimsstova og i museumsmagasinet. Eg trur mange har lært kva ein folkehøgskule er no :) 

20210423_104111

Utedag = konge

Sykling, frileik, orientering og litt "Kompani Lauritzen"-light gjorde fredagen til ein flott dag!  

20210414_094456

Skaparglede og kreativitet!

Dei siste vekene, minus eit lite corona-avbrekk, har me dyrka kreativiteten i naturfagtimane.

20210407_125855

Stjerneorientering

Onsdag denne veka hadde me stjerneorientering. Tema var urfolk og elevane viste både kunnskap og god innsats:-)

20210316_112921

Skidag

Dette var heilt strålande! Strålande ver, strålande føre, strålande ungar. Fekk so vidt knipsa nokre av dei under matpausen, resten av tida var dei "all over the place".