Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20211123_092656

MOT-TIL-Å-GLEDE - dagen!

Tysdag 23. november markerte me MOT-til-å-glede- dagen. Ungdomsskuleelevane starta dagen med felles frukost på musikkrommet. Her gjekk brødskiver, pålegg og agurk ned på høgkant. Dei unge MOTivatorane våre minna oss på enkle ting me kan gjera for å gleda folk rundt oss, ikkje berre denne dagen, men kvar dag. Eit smil, eit "hei!", ein venleg kommentar eller ei hjelpsam hand kan gjera at andre får ein betre dag. MOTivatorane arrangerte eit eige MOT-lotteri med flotte vinstar sponsa av lokale butikkar. I dette lotteriet var det ikkje pengar i spel, men post-it-lappar med gode ord om andre som ein meinte fortente det. Dei vaksne prøvde òg å gjera sitt for spreia glede til elevane med eit eige lærarband og ein eigen versjon av årets BlimE-låt "Dynamitt". 

2

Smake meir!

Elevane i 9A hadde ein veldig kjekk skuledag med Vitemeir sin Smakemeirlab. 

 

20210825_102931

Ungt entreprenørskap

Onsdag 25.8 hadde me besøk av Ungt Entreprenørskap v/ Fredrik Jarstadmarken. I år har me valfaget "Utvikling av produkt og tenester", og i samband med det hadde me invitert Fredrik for at han kunne gi oss litt inspirasjon og kveik. Gjennom blant anna praktiske, kreative øvingar (der konkurranseinstinktet verkeleg vakna) fekk me fram innovative og nye tankar. Me lyt jobba vidare med idèutvikling før me vonaleg kan realisera opptil fleire elevbedrifter. Takk for besøket til Fredrik og UE!

20210820_113200

Ungdomssteget på tur til Dueskardsvarden

Fredag 20. august sette heile ungdomssteget kursen mot Lingesete og Dueskardsvarden. Endeleg kunne me reisa på tur ilag att! Det var særs god stemning i flokken som talde nesten 60 elevar. Litt kald trekk frå nordvest gjorde at me ikkje stoppa veldig lenge på toppen, men utsikten var det ikkje noko å utsetja på. Takk for turen!

34[1]

Aktivitetsdag med natursti, stafett og triathlon!

Tysdag hadde ungdomsskulen natursti med ti postar, før dei sprang stafett. Me avslutta dagen med triathlon. Mykje godt humør, mange gode prestasjonar og veldig høg stemning med mykje heiing rundt skulen. Ein flott dag!

3

Gardsbesøk

Torsdag var 8.klasse på gardsbesøk. Dei fekk eit lite innblikk i gardslivet, med vedhogst, natursti og stell av dyr. Veldig kjekk dag for elevane. Tusen takk til Magne og bondelaget for eit flott opplegg!

16

Fairy tales

Onsdag viste 8.klasse eventyr på engelsk for fadderborna i 3.klasse. Mange kreative og artige vriar på kjende eventyr. Etterpå viste 3.klasse fram flotte bøker dei har laga sjølve, og me fekk opplesing av to fine historiar. Ei kjekk stund saman!

på

Leirskule - dag 3

Første aktivitet i dag var å dra opp garnet me sette i går. Det vart verkeleg ein suksess! Med stor entusiasme drog elevane inn: Ein stor steinbit, ein stor pigghå(hai), ein nydeleg blåfarga stålål, ei sjuarma diger sjøstjerne, gjennomsiktige flyndrer, kveite, kråkebollar og mykje meir. Klassen laga sitt eige akvarium av alt dei fanga desse tre dagane, og ein del av dette er no på utstilling i det ordentlege akvariet! Elles har me obdusert fisk, nokon har ete rått fiskehjarte(!!), sett plankton i mikroskop, lært om fotosyntesen i sjøen, padla og rodd, renska garn og mata fisken. 3 fantastisk flotte dagar i Balestrand!

20210511_155833

Leirskule - dag 2

Dag 2 av leirskulen går snart mot slutten, det har vore ein aldeles strålande dag med sol og sommartemperaturar. Det er vel ikkje mange heime som trur oss viss me seier at elevane var i gang med støvsuging og rydding av rom FØR kl. 08.00 i dag tidleg, på eige initiativ! Romma skulle klargjerast til inspeksjon i beste "Kompani Lauritzen" -stil. Elles har dagen innehelde diverse målingar av miljøet i fjorden, pil og boge - skyting, klatring, natursti, garnsetjing, kanopadling og mykje meir. Det var knytt stor skepsis til fiskemiddagen som stod på menyen i dag, men fritert blekksprut og fisk gjekk ned på høgkant, hjå dei aller fleste. Me er alle einige om at det har vore ein veldig fin dag, men no er me litt slitne!

2

Leirskule - dag 1

På leirskulen er det fokus på temaet "Livet i fjorden", det har me fått eit godt innblikk i idag. Me har prøvd fiskelukka i robåt og frå land, me har henta opp krabbar og småfisk og me har sett på dei ulike fiskeartane inne i akvariet. Eit par elevar har òg testa badetemperaturen i Sognefjorden. Ein god dag 1, me gler oss til i morgon.