Nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga.

Ordninga går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. Dersom maksprisen er høgre enn 6 prosent av den samla inntekta til husstandane, skal du ha redusert pris.

Alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår og leggje ved siste skattemelding (sjølvmelding/"selvangivelse") for begge føresette.

Vedtak gjeld frå månaden etter at søknaden med dokumentasjon er motteken.


Søk om redusert barnehagebetaling

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen

Alle 2 - 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i husstandar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå og med 1. august 2019 gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt som er lågare enn 548 500 kroner per år.

For begge ordningane gjeld:

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga gjennom søknad om redusert foreldrebetaling.

I søknaden må dette komme fram:
* Husstanden si samla kapital- og personinntekt
* Namn på barn og fødselsdato på barnet                                     
* Namn på barnehagen barnet/ barna går i                                           
* Storleik på barnehageplass.

Har du spørsmål om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid?
Ta kontakt med tenesteleiar Karin Johansen, telefon 57 62 97 91 eller epost