Plan og næring vedtok, den 12.6.2019, sak nummer DS 215/19, endring av føresegna med heimel i pbl § 12-14 og politisk delegeringsreglement K-sak 30/17.

Endringa føresegn inneber presisering av utbyggingsrekkefølgje og opparbeiding av uteareal, og påverkar ikkje utforming av prosjektet.

Kort om planen

Arkitektkontoret 4B har på vegne av Hah Eigedom AS fremja forslag til endring av reguleringsplan for bustadfelt 2, Kaupangerskogen, plan-ID 1420-1980002. Endringa vert fremja som ein detaljregulering, og omfattar felt J med tilhøyrande areal.

Planområdet har ein storleik på ca. 15 daa og ligg på Tistelteigen vest for Kaupangersenteret. Planforslaget legg til rette for opp til 50 bueiningar fordelt på 10 leilegheitsbygg – konsentrert småhusbebyggelse.

Endringa omfattar i hovudsak endring av føremål frå studentbustader til bustad, auke av byggehøgder (+1 og 2 etasjar), auke tal bygningar (+ 4) med tilhøyrande auke av utnyttingsgrad og tal bueiningar (frå ca. 24 til ca. 50).

Eksisterande grønstruktur sør for byggeområdet vert vidareført som offentleg friområde i planen.

Klagerett

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Føresegner

Protokoll

Saksframlegg

Plankart

Planomtale

Merknadar til off. ettersyn

Illustrasjonar byggetrinn

Illustrasjon parkering

Snitt

Sol- og skugge