Målet med planen er å legge til rette for transformasjon av det noverande industriområdet Lerum fabrikker til eit bustadområde som opnar arealet for ålmenta. Hovudføremåla i planframlegget er bustad, forretning, grøntområde og småbåthamn.

På bakgrunn av detaljprosjektering er det gjort endringar i prosjektet som etter planavdelinga sin vurdering er så omfattande at det har krevja endring av reguleringsplanen. Dette gjeldi hovudsak at tal bygningar er redusert frå fem til fire, at det i regulert maksimal utnyttingsgrad ikkje var berekna areal til parkeringskjellar, at plassering av parkeringskjellar vert samla under bygg A B og C, og justert kotehøgd for havnivåstigning.

Klagerett

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova.

Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Protokoll

Saksframlegg

Plankart

Føresegner

Planomtale

Illustrerande landskapsplan

Snitt

3D-illustrasjonar

Solstudier

Fotomontasje

Framleggsstillar sine kommentarar til merknadar

Mottekne merknadar og uttalar (merknadar samla)