Melding om delegert vedtak

Plan og næring vedtek mindre endring av reguleringsplan Kjørnes camping & fjordhytter, planID 1420-2017001, jamfør plan- og bygningslova (pbl.) § 12-14. Endringa gjeld føresegn 4.2 e) om takvinkel innanfor området BC3, som vert endra til slik ordlyd:

Takvinkelen skal vere mellom 27 og 45 grader.

Vedtaket er gjort i medhald av politisk delegeringsreglement K-sak 30/17.

Kort om planendringa

Hafslo bygg service har på vegne av Kjørnes camping søkt om dispensasjon frå reguleringsplan Kjørnes camping & fjordhytter. Etter avtale med søkar, vart saka handsama som ei mindre endring av reguleringsplan. Grunna ynskje om tilbakeføring av bygg til opphaveleg form, er det behov for brattare takvinkel. Gjennom planendringa vert brattaste tillaten takvinkel endra frå 40 til 45 grader. 

Klagerett

Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.

Dokument i saka