Det er ein auke på 1,3 prosent, noko som plasserer den nye storkommunen i Sogn heilt i tetsjiktet i nye Vestland fylke. Berre Modalen, som auka frå 380 til 388 innbyggjarar i same periode, kan syna til ein større prosentvis vekst enn Sogndal.

Dei to siste åra har innbyggjartalet i det som no er Sogndal kommune gått fram 2,5 prosent, og ved årsskiftet hadde me 11.957 innbyggjarar.

- Me er glade for at kommunen har ein sterk folkevekst. Me ser også at me veks meir enn andre regionsenter som me kan samanlikna oss med. Sogndal som ei attraktiv skulebygd har utvilsamt vore ei sterk årsak til den positive utviklinga me har, i tillegg til spennande arbeidsplassar og flott natur, seier ordførar Arnstein Menes.

Han framhevar at kommunen har eit fødselsoverskot og netto innflytting både frå Noreg og utlandet.

Sunnfjord kommune hadde ein vekst på 17 personar, eller 0,32 prosent i same periode, medan Voss gjekk fram med 132 innbyggjarar, som vil seia 0,85 prosent.

I Sogn region – kommunane til og med Høyanger – har folketalet gått attende med 62 personar siste året.

- Me ynskjer oss ei positiv utvikling i heile Sogn, det er viktig for heile regionen og for regionsenteret Sogndal, seier Menes.