Familiar skal fungere saman heile døgeret utan den sosiale kontakten me er vande med. Auka stress og bekymring er heilt normalt no.
Her får du gode råd frå kommunepsykolog Trude Os.

Generelle råd for korleis du kan dempe uro

  1. Set deg inn i anbefalingar frå myndigheiter – både nasjonalt og lokalt. Ver svært nøye på at du hentar informasjon frå pålitelege kjelder. Ver kritisk til kor informasjon stammar frå anten du les den gjennom sosiale media, nettsider eller får den frå slekt/vener.
  2. Avgrens tida du brukar på bekymring og oppdatering kring pandemien.
  3. Oppretthald normal rytme på søvn, mat og aktivitet gjennom døgeret.
  4. Ver aktiv.
  5. Sjå det store perspektivet – dette vil gå over.
  6. Snakk med nokon om bekymringane dine.

Barn treng også informasjon

Barn kan oppleve auka bekymring og stress. Her er viktige punkt for deg som føresett når du skal ivareta barnet ditt i denne situasjonen:

  1. Snakk med barnet om kjenslene som det har.
  2. Gje barnet god og rett informasjon.
  3. Skap tryggleik og formidle håp.
  4. Forsøk å ver roleg sjølv, dette vil barnet merke.
  5. Noko av det beste du kan gje barnet ditt no er tålmod.
  6. Ring og be om hjelp dersom du opplever at du som vaksen ikkje handterer situasjonen.

Lenker til eit utval gode informasjonskjelder om psykisk helse og koronavirus

Hjelpetelefonar og chat som du kan kontakte ved behov for å prate med nokon om bekymringar

  • Helsesjukepleiarane og jordmødrene på helsestasjonen i Sogndal er tilgjengelege på sine jobbtelefonar, eller du kan ringe ekspedisjonen på tlf 57 62 97 20
  • Alarmtelefonen for barn og unge er døgnopen: tlf 116 111, sms: 41 71 61 11 https://www.116111.no/
  • Mental helse har fleire døgnåpne linjer https://mentalhelse.no/fa-hjelp:
            - ​Hjelpetelefon for alle som treng nokon å snakke med: tlf 116 123
            - Foreldresupport for alle som har familierelaterte spørsmål: tlf 116 123 (tast 2), har også chat.
            - Chattefunksjon: www.sidetmedord.no
  • Oversikt over ei rekke tilgjengelege telefon- og chattetenester: https://psykiskhelse.no/hjelpetelefoner-og-nettsteder