Kommunen har ingen myndigheit til å gripa inn i slike saker. Politiet har gått ut og sagt at dei vil prioritera brot på smittevernlova i den ekstraordinære situasjonen samfunnet er inne i. Dei oppmodar vidare om at dei som er vitne til openbare regelbrot, rettar seg til politiet.

Regjering og helsemyndigheiter har gjeve klare retningslinjer for korleis folk no må forholda seg for å bidra til å avgrensa smitte av koronaviruset. Politiet forventar at folk no lojalt følgjer opp rundt dei tiltak som er sett i verk, og er sitt eige ansvar bevisst.

På nettsidene til politiet kan du lesa meir om tiltak frå politiet i samband med koronaviruset