Sogndal kommune har samla innslag frå heile kommunen i vår eiga sending, som du kan du sjå når du vil.

Takk til alle som sende inn bidrag. Grunna litt knapp tid har me diverre måtta utelata mykje godt materiell.
Talane frå markeringane på Loftesnes, ved Leikanger kyrkje og i Fjærland er lagde ut i sin heilskap.

Her finn du eit oversyn over innslaga i sendinga

Program for sendinga:

0:00: Velkomen til sending

0:35: Sogn og Fjordane-songen ved distriktsmusikarane.

4:18: Glimt frå dagen: Speidarane heiser flagget i Eitorn og på Kaupanger.

5:22: Glimt frå dagen: Markering av eidsvollsmennene på Loftesnes.

8:43: Innslag frå Fjærland barnekor.

10:40: Glimt frå dagen: Kransenedlegging ved Leikanger kyrkje.

17:42: Glimt frå dagen: Leikanger, Kaupanger, Sogndal og Norane.

20:32: Glimt frå dagen: Minnemarkering i Fjærland.

26:42: Glimt frå dagen: Fjordane.

27:39: Tale ved ordførar Arnstein Menes.

38:18: Ja, vi elsker ved distriktsmusikarane.

40:32: Tale ved Sara Heier, russepresident ved Sygna vidaregåande skule.

41:52: Innslag frå Fjordane oppvekstsenter.

44:11: Innslag frå Sagatun skule.

45:16: Tale ved Hedda Njøs, russepresident for raudrussen ved Sogndal vidaregåande skule.

48:22: Innslag frå Kaupanger skule, Norane oppvekstsenter, Leikanger ungdomsskule, Trudvang skule og Kvåle skule.

50:59: Tale ved Ingeborg Bjor Hognefjord, studenttillitsvald HVL Campus Sogndal.

53:20: Innslag frå Fjærland oppvekstsenter og Fjærland barnekor.

55:04: Innslag frå Kaupanger skule.

58:13: Glimt frå dagen frå Sogndal helse- og omsorgssenter og Leikanger sjukeheim.

59:46: Glimt frå frå Balestrand.

1:00:53: Glimt frå dagen: Kaupanger.

1:03:00: Dronefilm frå Fardal, Ylvisåker og Norane.

1:04:17: Thomasklokkene ved distriksmusikar Håkon Høgemo.

Her kan du sjå annonse med årets 17.mai-program

Lokale sendingar

  • Fjærland: Markeringane vert strøyma direkte på facebooksida «Fjærland 2020».
  • Kaupanger: Innslag frå 6. klasse og tale for dagen ved 10. klasse vil bli publisert på facebooksida «Kaupanger før og no» og Kaupanger skule si heimeside
  • Leikanger har ei eiga direktesending kl. 15.00 med høgdepunkt frå dagen
  • Norane vil senda eit eige program på heimesida til Norane oppvekssenter.    

Kyrkja i Sogndal byr på ei felles videohelsing. Her kan du vera med på ei rundreise i kommunen, med glimt frå alle kyrkjer og sokn. Videoen blir tilgjengeleg på morgonen 17. mai. Lenkjer til sendinga finn du på nettsidene til kyrkja i Sogndal.

Folk i heile landet er inviterte med til å syngja "Ja, vi elsker" der dei er klokka 13.00 på 17. mai.

Distriktsmusikarane i Sogn helsar oss med konsertprogram i høve nasjonaldagen. Konsertopptaket, som du finn her, er gjort i Sogndal kulturhus 12. mai.

17. mai-konsert med distriktsmusikarane i Sogn

Programmet inneheld mellom anna Våren og Norsk dans av Grieg, Ut mot havet av Fliflet Bræin og Ja, vi elsker. Når Håkon Høgemo òg spelar Thomasklokkene og Rotnheims-Knut og våre eigne songar, Sogn og Fjordane og Stao no på vert framført, ja så er det berre å setja seg godt til rette i stolen.

 

Eit tips, har du smartfjernsyn, så kan du syna konserten på ditt eige fjernsyn, ved å søkja Sogndal kommune på Youtube-appen eller kanalen. Samme stad, kl. 16.00 17. mai kjem det innslag frå feiringa i kommunen.   

Distriktsmusikarane i Sogn:

Akiko Anazawa                               flygel

Bjørn Gisle Seter                            song

Hans Holgersson                           cello 

Håkon Høgemo                              hardingfele

Leif Aslaksrud                                 trombone

Andre:

Tom Karlsrud                                   trekkspel

Øystein Skjerdal Bondevik                       flygel

Om distriktsmusikarane

I 1987 vart det etablert distriktsmusikargrupper i kommunane Gloppen, Høyanger og Sogndal med fire musikarar i kvar gruppe. Utgangspunktet for denne ordninga var eit samarbeid mellom fylkeskommunen, Rikskonsertane og dei tre vertskommunane, no er dette eit samarbeid mellom fylkeskommunen og dei involverte kommunane. For Sogn sin del har Sogndal kommune arbeidsgjevaransvaret for musikarane, i samarbeid med Luster kommune.

Distriktsmusikarane underviser i kulturskulen, held konsertar både på skular og i barnehagar og deltek på større konsertprosjekt i samarbeid med andre profesjonelle musikkaktørar samt frivillige musikkaktørar i fylket.

Konsetprogrammet:

Edvard Grieg/Aasmund Olavsson Vinje: Ved Rondane

Bjørn Gisle Seter, Akiko Anazawa

Edvard Grieg: Norsk dans nr. 2

Leif Aslaksrud, Hans Holgersson, Akiko Anazawa

Thomasklokkene, Trad. I form etter Sigurd Eldegard

Håkon Høgemo

Johan Halvorsen: Bruremarsj, utdrag av "Fossegrimen"

Håkon Høgemo, Akiko Anazawa

Edvard Grieg: Rigaudon fra Holbergsuite op. 40 nr. 5

Øystein Skjerdal Bondevik

Edvard Grieg/Aasmund Olavsson Vinje: Våren

Bjørn Gisle Seter, Hans Holgersson, Leif Aslaksrud, Akiko Anazawa

Rotnheims-Knut, Trad i form etter Anders Sagen

Håkon Høgemo, Tom Karlsrud

Ottar Wiik/Kåre Sandvik: Sogn og Fjordane

Bjørn Gisle Seter, Leif Aslaksrud, Akiko Anazawa

Johan Sebastian Bach: Solosuite G-dur Preludium

Hans Holgersson

Edvard Fliflet Bræin/Henrik Straumsheim: Ut mot Havet

Bjørn Gisle Seter, Hans Holgersson, Leif Aslaksrud, Akiko Anazawa

Rikard Nordraak/Bjørnstjerne Bjørnson:  Ja vi elsker

Bjørn Gisle Seter, Hans Holgersson, Leif Aslaksrud, Akiko Anazawa

Jan Inge Fardal/ Per Kristian Indrehus: Stao no pao

Leif Aslaksrud, Hans Holgersson, Akiko Anazawa

I oversikten under finn du programma som kommunen har fått frå 17. mai-komiteane:

Balestrand

Kl 11.00-14.00 Sporleik

Sjølv om det ikkje vert ei tradisjonell 17.mai-feiring kan du gjennom 8.klasse sin sporleik få med deg postar som inneheld både nasjonalsangar, hurrarop, 17.maitale, møte med russen, ulike konkurransar og moglegheit for å kjøpe ein is eller to. Denne turen frå Sagatun, via helsetunet og Balahaugen til Holmen passar for alle, både unge og eldre. Det er lov å hoppe over postar viss du ynskjer det. Alle postane er korona-sikra og avklara med smittevernlegen. Blir det kø på ein post må de vere litt tolmodige og halde god avstand til neste gruppe. Vi trur dette blir veldig bra!

Oppstart blir på Sagatun skule mellom 11-14. Ta med deg maks fire av dine naboar, vener eller familie og lag ei gruppe. Vi godtek større familiegrupper. Ta med eigen penn. Vi sender ut gruppene med nokre minutt mellomrom, og målgang vert i Holmen. Joker og Coop har sponsa premiar, sa det vil bli plukka ut nokre heldige vinnarar blant dei som deltek.

Kl 13.00 Heile Noreg syng

Kulturministeren vår har oppfordra heile Noreg til å synge nasjonalsangen saman kl 13.00. Songlaget vil då synge denne framfor helsetunet, men du kan også synge den der du er; på altanen, i båten, ved kjøkkenbordet eller på Raudmelen. Korpset har lova å ta seg ein tur gjennom bygda i løpet av dagen slik at det blir korpsmusikk i Balestrand også dette året.

Fjordane

Det vert ikkje ordinær 17. mai-feiring på Fjordtun i år. 17. mai-nemnda har likevel lyst til å markere litt.

Me ynskjer at alle i fjordane skal pynte litt ekstra ved vegane, slik me gjorde til tour de fjords. Det vert sikkert mange som tek ein biltur i staden for å gå i tog i år, og me vil prøva å filme langs vegen.

Me har òg lyst til å samle så mange som mulig, i krysset mot Menes, og stilla opp oppover bøen til Tove Merete, for å syngja nokre songar i lag, og dele ut is til borna. Sjølvsagt med god avstand til kvar familie/gruppe.

Me møtest i krysset og stiller oss oppover bøen klokka 11.30.

Fjærland

Velkomen til ein annleis 17.mai feiring. I tråd med gjeldande smittevernsreglar har komiteen i år lagt opp til eit program som vert strøyma live på Fjærland 2020 (Facebook), samt ein natursti som rettar seg mot alle aldersgrupper. Vi ber om at publikum ikkje møter opp på programmet på føremiddagen. Komiteen oppfordrar elles alle til å hyggje seg i lag innanfor gjeldande smittevernsreglar, og feire grunnlovsdagen!

Kl. 08.00  Trommesalutt og flaggheising – strøymast live

Kl. 11.00  Program i Mundal – vert strøyma direkte på facebooksida «Fjærland 2020».

  • Velkomen til sending
  • Korpset spelar framfor Busenteret
  • Korps og flaggborg marsjerer til kyrkjegarden
  • Korpset spelar «Ja, vi elsker»
  • Markering på kyrkjegarden v/Noralv Distad. Til minne om Georg Distad og Hans Seip.
  • Barnekoret syng (opptak)

Kl 13.00  Heile landet syng «Ja, vi elsker» Syng med der du er!
Kl 13.30  Natursti for alle frå idrettsbana (hugs avstand) Merk: Naturstien er bunadsvennleg. Det vert poster langs ruta 17. mai-toget brukar å gå. Start mellom kl. 13.30 og 14.30. Undervegs blir det gratis is til alle og brus til barna frå 7. klasse og yngre. Start og mål på idrettsbana. Målgang innan kl.16.00. Premie for alle dei yngste opp til 7.klasse.

Kaupanger

17. mai 2020 vert ein spesiell og annleis nasjonaldag. På grunn av koronaviruset og smittevernreglar, kan me ikkje gjennomføra heile det tradisjonelle programmet vårt. Heldigvis er det postar på programmet som kan gå som normalt. Tradisjonen tru tek Einar Dalaker seg av salutten om morgonen, speidarane heiser flagget på skulen og korpset marsjerer og spelar. Tusen takk til dei!

Som alternativ til det tradisjonelle programmet på skulebana, vil det i år bli digitale innslag frå 6. klassingane og tale for dagen v/10. klasse på Kaupanger skule si heimeside. Me oppmodar alle til å vera med på den nasjonale allsongen av «Ja, vi elsker» litt over kl. 13.00.

Ei 17. mai-feiring med kiosksal på skulen, er ei av dei viktigaste inntektskjeldene til 6. klassingane sin skuletur i 10. klasse. I år går me med andre ord glipp av ein del inntekter, heldigvis har flotte, lokale bedrifter støtta oss allereie. Om fleire har lyst til å bidra til 6. klassingane sin klassekasse, kan de t.d. betala for ein virtuell kaffikopp og eit virtuelt kakestykkje til vipps-nummer: 519889.

Til slutt vil me presisera at det berre er korpset som skal gå i tog, ingen må hengja seg på bakom eller samla seg tett i store folkemengder langs ruta. Årets 17. mai-nemnd vil ynskja alle ei god og smittefri 17. mai-feiring!

Program for dagen:

08.00: Salutt

08.00: Speidarane heiser flagget ved Kaupanger skule

11.00: Kaupanger skule – og ungdomskorps marsjerer frå kaien til kyrkja og tilbake til kaien om Strondi og det gamle sagbruket. Dei stoppar opp innimellom for å spela (grunna smittevernreglar må dei stå i ro når dei spelar).

Korpset tek ein liten pause

Korpset marsjerer og stoppar opp innimellom for å spela langs denne ruta: Kaupangersenteret – Furuvegen – barnehagen – Kaupangersenteret. Litt over kl. 13.00 stoppar korpset opp og spelar «Ja, vi elsker» der dei måtte vera på ruta.

 

Leikanger

Programmet vert slik:

08:00 - Speidarane heiser flagget på 17.maihaugen i Eitorn.

10:00 - Kransenedlegging ved kyrkja, flaggborg, og musikklaget spelar.

12:00 - “Popup-korps” v/Leikanger musikklag ulike stader i bygda

12:00 - Leikanger skulemusikk marsjerer frå Skrivargarden til sjukeheimen

13:00 - Avsynging av “Ja vi elsker”

15:00 Direktesending på nett med høgdepunkt frå dagen og innslag frå kulturlivet i bygda. 

Det vil bli høve til gi støtte til studieetur til Polen for årets 8. klasse i 2021. Vipps-nummeret vert offentlegjort under nettsendinga.

Norane

Program for 17. mai:

Båtkonvoi Staai – Fiksnes via Fimreite. Avgang Staai klokka 11.30

Lokalhistorisk-/aktivitetsløype med postar frå Staai til Ylvisåker

Digitalt program på www.norane.skule.no:

  • Tale ved Knut Ole Myren
  • Song frå elevar ved Norane Oppvekstsenter
  • Musikk frå Norane Skule- og Ungdomskorps
  • Dronefilm laga av Rune Venes

Sogndal

Program:

Kl. 08.30 – Blomenedlegging og tale ved  ordførar ved minnesmerket for dei to Eidsvollsmennene, Bruparken på Loftesnes.

Kl. 12.00 – Sogndal musikklag spelar i sentrum.

Kl. 13.00 – Salutt, musikk og tale ved varaordførar ved sjukeheimen (SHOS). Etterpå; Musikklaget  og skulemusikken køyrer rundt i eigen buss i Trudvang krins og stoppar for å spela.

Kl. 16.00: Sogndal Båtlag 17-mai-konvoi frå båthamna.

Torstad

Det blir ikkje noko 17. mai-program på Torstad i år.

Hugs smittevernreglane: Vask hendene, hald minimum 1 meters avstand til andre og ver heime om du er sjuk.

Rammene for årets 17. mai-feiring finn du på nettsidene til regjeringa