1. Sogndal kommune set med heimel i Plan og bygningslova §11-12 i gang arbeidet med «Kommuneplan for Sogndal kommune 2021-2030 – samfunnsdelen». 

2. Forslag til planprogram for arbeidet med kommuneplanen, jf. vedlegg, vert med heimel i Plan og bygningslova §11-13 samstundes med kunngjering av planoppstart sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn med høyringsfrist på minimum 6 veker. 

3. Kommunestyret bed om at tettstadsanalysar/bygdeanalysar blir tekne inn som ein del av planprogrammet 

4. Kommunestyret bed om at kommunen si rolle som tenesteytar kjem klarare fram i programmet 

Dokumenta er retta i samsvar med vedtaket.

Kort om planprogrammet

Føremålet med planarbeidet er å etablere eit samla sett av overordna mål og strategiar for Sogndal kommune. Som del av dette arbeidet skal kommunen utarbeide eit planprogram for samfunnsdelen. Planprogrammet skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessane med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behovet for utgreiingar. Vi ber særleg om innspel knytt til kunnskapsgrunnlaget, som er lista opp i tabellane i kapittel 5 og 6.


Merknader til planarbeidet 

Merknader til planprogrammet kan rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal, innan 17.08.2020.
 

Dokument i saka: