Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker. Forliksrådet er både meklingsinstans og domstol.

Alle kommunar har eit forliksråd. Tre lekfolk og like mange varamedlemmar utgjer forliksrådet. Det er kommunestyret som vel forliksrådsmedlemmar blant innbyggjarane i kommunen. Forliksrådsmedlemmane blir valde for fire år om gongen. Medlemmane skal veljast innan 15. oktober året etter at det har vore kommuneval. Nokre kommunar har felles forliksråd med ein eller fleire nabokommunar.

Forliksrådet

Val av medlemmar til forliksrådet for perioden 2021-2025

Det er fleire vilkår som må vere oppfylte for at ein person kan veljast til forliksrådsmedlem.

Fordi forliksrådsmedlemmane er dommarar, gjeld domstollova § 53 også for dei. Føresegna set krav om at forliksrådsmedlemmane må vere

  • norske statsborgarar
  • vederheftige
  • ikkje frådømd stemmerett i offentlege høve

I tillegg inneheld domstollova § 56 visse vilkår:

  • Vedkomande må ha fylt 25 år.
  • Vedkomande må vere under 70 år ved starten av valperioden, jf. § 70 andre ledd nr. 1.
  • Vedkomande må vere særskilt eigna til oppgåva og beherske norsk skriftleg og munnleg godt.

Det går også fram av føresegna at personar som ikkje er busett i kommunen, kan nekte å ta imot val.

Etter domstollova § 56 første ledd andre punktum gjeld domstollova §§ 71–74 tilsvarande for forliksrådsmedlemmar. Det medfører at dei som er utestengde frå val som lekdommarar, heller ikkje kan veljast som forliksrådsmedlemmar. Føresegnene i domstollova § 71 oppgjev kven som er utestengde på grunn av stilling, medan § 72 oppgjev kven som er utestengde på grunn av vandel.

Møtefullmektig til forliksrådet

Val av møtefullmektig til forliksrådet for perioden 2021-2025

Ved kvart forliksråd skal det vere eit utval av faste møtefullmektigar for forliksrådet. I Sogndal kommune skal det vere 3 medlemmar i utvalet. Som fast møtefullmektig kan ein kvar person som er over 25 år med alminneleg god samfunnsmessig kunnskap og som meistrar godt skriftleg og munnleg norsk språk, bli oppnemnd.

Informasjon om kva som skjer i forliksrådet finn du på nettsidene til politiet.

Om du er interessert, gje oss beskjed innan 3. september 2020.

Send e-post til postmottak@sogndal.kommune.no