Sogndal kommune skal oppgradera vass- og avløpsanlegget i Navarstevegen for å separera overvatn og spillvatn, samt leggja nye vassrøyr. Formålet med dette er å minska trykket på pumpestasjonen ved Rones og soleis hindra utslepp av kloakk der. I tillegg er leidningsnettet stadvis gammalt og treng utskifting.

Sogndal kommune har skrive kontrakt med Havnen Anlegg om å utføra arbeidet med sluttfrist 15.11.2020. I byggje- og anleggsperioden vil det vera redusert framkomst både for bil og gåande. Me beklagar ulempene dette medfører.

Nokre innkøyrsler vil i periodar måtte bli stengde, men ein vil alltid kunne ta seg fram til eigedommane til fots. Stenging av innkøyrsler vil skje i samråd med dei aktuelle brukarane. Om nokon har ekstra behov, og treng å koma fram med rullestol eller liknande, ber me dykk om å ta kontakt tidleg slik at me kan planlegga for dette.

Det vil i arbeidsperioden bli hyppigare vassutkoplingar. Dette vert varsla på SMS til dei som bli råka, men me kan også oppleva uhell der vassforsyninga må koblast ut akutt utan at dei som bur i området, får beskjed på førehand.

For å oppretthalda vassforsyninga til alle hus, vil me i periodar måtte leggja dette om provisorisk, gjerne med slangar gjennom hagar. Dette vil me ha dialog med tomteeigarane på.

Teikningar vass- og avløpsanlegg Navarsetevegen (PDF)

Ved spørsmål kan du kontakta prosjektleiar Eirik Rygg, fortrinnsvis på e-post: eirik.rygg@sogndal.kommune.no.