I samband med montering av betongelement vert Røyrgata ved nedkøyringa frå Ingafossen i Sogndal stengd, melder Sognahallen AS.

Det betyr at parkeringshuset på Lines (under Idrettssenteret), på nordsida (under den vidaregåande skule) og vegen til varemottaket i Sognahallen/Høgskulebygget vert stengd frå tysdag kveld klokka 22.00 til torsdag morgon klokka 07.00.

Alternativ parkering vert i Nedrehagen og på Kvåle (baksida av Kvåle stadion).