Sogndal kommune har motteke følgjande informasjon frå Vestland fylkeskommune:

"Streikevarselet omfatter alle organiserte bussjåførar i Vestland og vil etter det vi har informasjon om påvirke all busstrafikk inkludert skuleskyss med buss i fylket. Dette inneberer at skuleelevar ikkje kan basere seg på å reise med buss til/frå skulen dersom streiken vert eit faktum.

Skuleskyss med drosje vil i utgangspunktet bli gjennomført som normalt så lenge heile reisa normalt vert utført med drosje. For elevreiser der drosjetransporten er tilførsel til ein bussavgang, vil i utgangspunktet ikkje drosjetransporten bli gjennomført."

Trass i at det er varsla streik vil skulane gå som vanleg. Elevar som har skuleskyss med buss, kan vurdera om det er mogleg å komma seg til skulen på anna vis, anten med skyss frå føresette eller eventuelt gå/sykle viss det ikkje er for lang avstand. Drosjeskyss heilt frå heim til skule vil gå som vanleg.

Sogndal kommune ber føresette som ser at elevane lyt halda seg heime, om å melde frå til skulen, slik at det kan inngåast avtalar om digital oppfølging frå skulen.

Situasjonen kan endra seg i løpet av helga, og vi ber foreldre følgja med i media.