Det opplyser Sognahallen AS, og kjem med følgande informasjon:

  • Måndag 28.9: Veg til varemottak vil vera stengd mellom klokka 07.00 og 14.00 grunna bygging av tak på klatrehallen. Det vil vera tilkomst til P-kjellarane, men trongt grunna monteringsarbeid og at mykje betong skal inn i området samstundes. 
  • Tysdag 29. og onsdag 30.9: Parkeringskjellarane vil vera stengde mellom klokka 17.00 og 22.00 om kvelden. Det skal då monterast lys i køyrebane i den nye P-kjellaren.
  • Måndag 5.10 til søndag 11.10 (haustferieveka): Inngangen ved Idrettssenteret (brua over køyrebana) og området rundt vil vera stengt for all ferdsel. Det skal då gravast i grunnen for å kopla det nye bygget til vassforsyning.

Sognehallen AS beklagar ulempene dette medfører og minner om at det er god plass i p-huset i Nedrehagen og på Kvåle (baksida av Kvåle stadion).

Planlagd ferdigstilling av idrettshallen er 1. januar 2021.