Sogndal kommune skal få ny samfunnsplan, og me ønskjer innspel om det innbyggjarane meiner er viktig. Difor vil det i tida framover bli innspelsmøte ulike stader i kommunen.

Kvar skal me byggja bustader? Korleis skal tettstadene våre sjå ut og korleis skal bygdene vera? Korleis skal me få til vekst og utvikling på ein berekraftig måte? På kva måte kan fleire kjenna seg inkluderte og ha god livskvalitet? Kva bør bli betre med tenestene frå kommunen?

Møt opp og sei di meining!

Det vil bli halde innspelsmøte følgjande stader:

Fjærland – 22. oktober kl. 20-22 i Bygdahuset
Påmelding til Fjærland bygdautval v/Jarle Mundal: jarlemundal@yahoo.com

Kvamsøy – 22. oktober kl. 19-21 på Reiselivsmuseet
Påmelding til Kvamsøy grendalag v/Mary Ann Menes: menesmaryann0@gmail.com

Fjordane – 22. oktober kl. 20-22 i Vetlefjorden grendahus
Påmelding til Fjordane grendalag v/Ingrid Menes: m-menes@online.no

Leikanger – 26. oktober kl. 18-20 i Skyttarhuset
Påmelding til Opplev Leikanger v/Gunn Helen Henne: opplevleikanger@gmail.com

Norane – 26. oktober kl. 19-21 i Nortun
Påmelding til Norane Ungdomslag v/Stig Johnny Buvik: post@norane-ul.no

Sogndal – 27. oktober kl. 19-21 på Sogndal hotel
Påmelding til Sogndal kommune v/ Sigrid Ølmheim: sigrid.olmheim@sogndal.kommune.no

Balestrand (Holmen) – 29. oktober kl. 19-21 på Reiselivsmuseet
Påmelding til Balestrand grendalag v/Svein Arne Skuggen Hoff: sveinarne@planogprosess.no

Kaupanger – 2. november kl. 19-21 på klubbhuset til KIL
Påmelding til Kaupanger idrettslag v/ Bjarte Ramstad: post@kaupanger.no

Ese, Tjugum og Dragsvik – 2. november kl. 19-21 på Dragsvik fjordhotell
Påmelding til Tjugum og Esefjorden grendalag v/Trond Kråvik: trond.kraavik@yahoo.no

Du kan også koma med innspel via nettsida til Sogndal kommune

Planprogrammet for samfunnsdelen

Kommunal planstrategi for Sogndal kommune 2020-2023