For at me skal kunna rekna ut årsgebyret ditt for vatn og/eller avløp, treng me å vita kor mykje vatn du har brukt det siste året. Det er derfor viktig at du les av, og leverer vassmålarstanden til oss. Fristen i 2023 er 12. desember. SMS-varsel vert sendt ut i veke 49.

Målaravlesing på SMS

Sogndal kommune nyttar SMS-varsling for avlesing av vassmålarar.

Me sender ut SMS til alle fakturamottakarar som er registrerte med mobilnummer. Dersom du har fått SMS, registrerer du målarstand ved å klikka på linken i SMS-en. 

Me varslar eigarrepresentant, rekningsmottakar eller kontaktperson knytt til eigedommar som har installert vassmålar.

For enkelte eigedomar sender me berre ut avlesingskort. Det vil også bli sendt ut avlesingskort om me ikkje finn mobilnummer.

Ved feil

Om du får ein SMS som du meiner er send til feil nummer, ber me deg om ikkje å svara på denne. I tillegg må den som får ein feilsend SMS, sjekka opplysningane sine i offentlege register og på 1881.no.

Du kan berre registrera vassmålarstanden, og ikkje senda spørsmål/opplysningar tilbake til kommunen på SMS-en du får.

Har du spørsmål, ta kontakt med innbyggartorget på tlf. 57 65 25 00.