Du finn oversikt over kor mange i kommunen som er vaksinerte på nettsidene til Folkehelseinsituttet. Hald musepeikaren over Sogndal kommune på karta.

Alle som er tilrådde å ta koronavaksinen, bør ta han. Vaksinen er gratis. Du kan framleis få vaksine sjølv om du har takka nei tidlegare - ta då kontakt med legekontoret ditt for å få vaksine. Meir informasjon om koronavaksine finn du her Koronavaksine - helsenorge.no.

7. januar: Du vil få melding på telefonen når du kan få 3. dose med koronavaksine. Har du ikkje fått 1. eller 2. dose, kan du ta kontakt med legekontoret for time. Vaksinering mot korona

Tidlegare statusmeldingar

20. desember: Det blir fleire dagar med koronavaksinering før nyttår. Dei som kan få vaksinen no, vil få melding på telefonen.

15. desember: Sogndal kommune er snart ferdig med vaksinering med 3. dose til personar over 65 år og kallar fortløpande inn nye etter kvart som intervallet på 4,5 månader etter 2. dose vert nådd. 

Status 13.09.2021: Veke 36: Vaksinerte: 439, totalt vaksinerte med 1 dose: 9012, totalt vaksinerte med 2 dosar: 7817. Regjeringen har vedteke at 12-15-åringar skal få tilbod om koronavaksine, slik Folkehelseinstituttet anbefaler. Aldersgruppa vil i første omgang få tilbod om ein vaksinedose. Sogndal kommune vaksinerer denne aldersgruppa i veke 37 og 38. 

Status 06.09.2021: Veke 35: Vaksinerte: 614, totalt vaksinerte med 1 dose: 8725, totalt vaksinerte med 2 dosar: 7655. Det vert dropp inn-vaksinering ved Sogndal helse og omsorgssenter torsdagar.

Status 11.08.2021: I løpet av sommaren var det ein del som ikkje tok i mot tilbodet om vaksine, dette var forventa grunna ferietida. Me er omtrent ferdige med å tilby 1. dose til alle over 18 år. Dersom nokon ikkje har fått tilbod eller har ombestemt seg kan dei kontakta legekontoret dei tilhøyrer og bli sett opp til time.

Kommunen har fått fleire vaksinedosar enn planlagt og arbeider no med å gje tidlegare 2. dose til dei som har venta lengst. I første omgang gjeld det personar over 45 år.

Det er planlagt eiga studentvaksinering på Campus i september, og studentane vil få informasjon om dette på studiestaden.

Status 30.06.21: Me er i gang med gruppa 18-45 der me startar samtidig med aldersgruppene 40-44 og 18-24, og så kjem gruppa 25-39 år aller sist. Me startar truleg på den siste gruppa siste veka i juli. 

Nesten alle over 40 år har no fått tilbod om vaksine. Dersom du bur i Sogndal kommune, er over 40 år og ikkje har fått tilbod om vaksine, kan du kontakta det lokale legekontoret eller koronatelefonen 57 65 28 00.

Til no er det totalt sett 8965 vaksinedosar i Sogndal kommune. Det er veldig få som ikkje tek imot tilbodet om vaksine.

Prognosen for vaksineleveransar i sommar syner at Sogndal kommune er venta å få tildelt

  • 364 dosar i veke 28
  • 628 dosar i veke 29
  • 860 dosar i veke 30
  • 728 dosar i veke 31
  • 812 dosar i veke 32
  • 90 dosar i veke 33
    (Tala frå veke 30 og utover er usikre)

Status 11.06.2021: Sogndal kommune har no starta å vaksinera personar i gruppa 45-54 år. Me får om lag 700 dosar kvar veke dei neste to vekene og nesten alt går til første dose til nye personar. På grunn av ulik fordeling av aldersgruppene ligg Balestrand litt etter i alder, men her ligg me framfor i prosentandel vaksinerte.

Dersom leveringa av vaksinane held fram som no, vil vil kunne starta med gruppa 18-24 år og 40-44 år i slutten av juni månad og frå midt i juli startar me så med siste aldersgruppa 25-39 år. 

Det er god oppslutnad om vaksineringa, og det er ingen problem med at folk ikkje møter opp til avtalar. 

Status 20.05.2021: I veke 20 og 21 får Sogndal kommune tilsendt ca. 600 dosar som skal gå til 2. dose for personar i risikogruppene og 2. dose til helsepersonell. Det er desse vekene berre om lag 30 dosar til nye som skal ha 1. dose. I veke 22 får me over 1000 dosar.  Dei vert fordelte på 560 til 2. dose og 450 dosar til 1. dose. Dosane vert fordelte etter folketalet til Sogndal, Leikanger og Balestrand. Det er gruppa friske mellom 54 og 65 år som no skal vaksinerast. Personane får anten telefon eller SMS der det vert gjeve tilbod om vaksine. 

Status 28.04.2021: Sogndal kommune held no på med vaksinering av personar med auka risiko i alderen 18-54 år, det tilsvarer prioriteringsgruppe 6 og 7. I starten av mai startar me med alle i aldersgruppa 55-64 år. Det er etterkvart planlagt overgang til at det blir sendt ut melding på SMS med tilbod om vaksinasjon og så kan den enkelte bestilla time sjølv. Dette vil det koma meir informasjon om.

Status 07.04.2021: Sogndal kommune held på med vaksinering av aldersgruppa 65-74 år og personar med spesielt høg risiko 18-65 år, mellom anna dei som er organtransplanterte og nokre med alvorlege sjukdomar.

Status 25.03.2021: Sogndal kommune held på med vaksinering av aldersgruppa 75-84 år.

Status 15.03.2021: I Sogndal kommune er det no sett 1603 vaksinedosar, 578 har fått 2 dosar, 1025 har fått 1 dose. No driv me med vaksinering av aldersgruppa 75-84 år. 

Status 01.03.2021: Sogndal kommune har no passert 1000 sette vaksinar, og ca. 350 personar har fått 2 dosar.

Status 15.02.2021: Sogndal kommune har vaksinert 594 personar, 140 har fått 2 dosar, 454 har fått 1 dose. Me er ferdige med alle bebuarar på sjukeheimane og er også ferdige med dei over 85 år. No driv me med vaksinering av årsklassane 80-85 år. I tillegg har ca. 90 prioritert helsepersonell fått vaksine.

Status 07.01.21: Sogndal kommune starta med vaksinering på sjukeheimane 7. januar.

 

Korleis får eg time til vaksinasjon?

Du vil få melding på telefonen når du kan få 3. dose med koronavaksine. Har du ikkje fått 1. eller 2. dose, kan du ta kontakt med legekontoret for time. Meir informasjon: Vaksinering mot korona

Det er ikkje naudsynt å kontakta kommunen eller fastlege for å setta seg på venteliste. Me kallar inn dei ulike gruppene i samsvar med den nasjonale prioriteringa. Dersom du ikkje får melding om innkalling saman med andre i gruppa di, kan det vera ein feil og du må ta kontakt med fastlegen.

Kva kostar vaksinen?

Sjølve vaksinen og vaksinasjonen er gratis.

Kven kan få koronavaksine og når forventar me å vaksinera ulike grupper?

Informasjon om korleis ulike grupper blir prioritert til vaksinasjon og forventa tidsperiodar for vaksinasjon av dei ulike gruppene finn du her på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Meir informasjon om koronavaksine

På nettsida helsenorge.no finn du god informasjon om mellom anna

  • kva vaksinar er godkjende i Noreg
  • gjennomføring av koronavaksinasjon
  • vaksinasjon av enkeltgrupper
  • beskyttelse og immunitet
  • biverknader

Informasjon om pause i vaksineringa med med AstraZeneca-vaksinen 

Du skal ikkje møte opp til vaksinasjon om du på vaksinasjonsdagen

  • har symptom på forkjøling, feber over 38 °C eller andre teikn på infeksjonssjukdom
  • er i karantene eller ventar svar på koronatest
  • er isolert grunna covid-19 (du bør vente med vaksinen til 3 månader etterpå.)
  • har blitt vaksinert med annan vaksine i løpet av siste 7 dagar
  • er gravid utan å høyre til risikogruppe for alvorleg koronasjukdom

Dersom du er sjuk den dagen du skal vaksinerast, vil du få eit nytt tidspunkt for vaksinasjon når du er frisk att.

Mer informasjon om koronavaksine finn du på nettsida til Folkehelseinstituttet: www.fhi.no/kvp
Kort informasjon om koronavaksine frå Folkehelseinstituttet (pdf).
Informasjon på fleire språk finn du på nettsidene til Folkehelseinsituttet.