På bakgrunn av utbrot av korona i kommunen, innfører me besøkskontroll ved institusjonane våre for ein kort periode. Ny vurdering blir gjort 17. desember.

Retningslinjer for besøk til bebuarar på institusjon, uavhengig av vaksinasjonsstatus:

  • Dei som ynskjer, kan besøka bebuar, maks to av gangen med minst ein meters avstand til bebuar og personal.
  • Smittevernreglar MÅ overhaldast.
  • Unngå besøk dersom de har infeksjonssymptom frå luftvegar eller mage/tarm
  • Besøkande må skriva seg inn i boka (blir sletta etter ti dagar), fylla ut eigenerklæring og halda avstand.
  • Ved utandørs besøk kan fleire vera tilstades.
  • Dersom ein kjem frå områder med høgt smittepress, ynskjer me at de utset besøket.

Me ynskjer at besøkande held fram med god handhygiene med spritdesinfeksjon eller handvask før og etter besøk.

Takk for at du følgjer retningslinjene!