I tråd med den nasjonale prioriteringa vert dei første vaksinane gitt til bebuarar på sjukeheimane.

Torsdag føremiddag var vaksineringa i gang ved Sogndal helse- og omsorgssenter, og Unni Bjørkum var den første som vart vaksinert mot korona i kommunen.

- Me er glade for å vera i gang med vaksineringa, og me tykkjer det er gledeleg at alle dei som har fått tilbod om å få vaksinen no, har takka ja. Men me kan ikkje slappa av helt enno. Det går ein månad til dei første pasientane er ferdig vaksinerte, vaksinen må setjast to gonger, seier Katrine Evebø, kommunalsjef for helse og omsorg.

I starten vil det ikkje vera nok vaksine til alle som vert anbefalt koronavaksine. Basert på råd fra Folkehelseinstituttet har regjeringa gitt føljande prioritering, med dei øvst prioriterte først: 

  • Bebuarar på sjukeheim
  • Eldre over 85 år 
  • Eldre over 75 år og deretter dei over 65 år 
  • Personar 18–64 år med ein eller flere nærare spesifiserte sjukdommar som dei har fra før 

Inntil 20 prosent av vaksinane vert frå veke 2 gjeve til helsepersonell etter ei nasjonal prioriteringsliste. Ein startar med legevakt og dei tilsette på legekontora. 

Personar som er prioriterte til å få vaksinen, vil bli kontakta for tilbod om vaksinasjon. Det er ikkje naudsynt å kontakta kommunen eller fastlege for å setta seg på venteliste.