Deltakarane representerte eit breitt spekter av butikkdrivarar, byggeigarar og andre næringsdrivande i Fjøra.

Gje innspel

Bakgrunnen for idéverkstaden er at kommunestyret i gamle Sogndal kommune sett av 900.000 kroner til trivselstiltak i Fjøra. Målet med verkstaden var difor at næringslivet fekk gje sine innspel til kva kommunen bør bruke midlane til, slik at Fjøra blir ein trivelegare stad å vere for innbyggjarar og besøkande.

Hovuddelen av verkstaden gjekk føre seg som «bygdelabbing», der grupper på tre og tre gjekk gjennom sentrumsområdet og noterte kva dei kunne tenkje seg av forbetringar. Etterpå presenterte gruppene ideane for kvarandre.

Felles løft

Det var generelt stor semje om at kommunen har ein del å hente på beplantning, trafikktryggleik, vedlikehald, ganglinjer og uterom. Under oppsummeringa uttrykte deltakarane eit sterkt ønskje om at kommunen fekk gjort så mange tiltak som moglege før sommarsesongen byrjar for fullt. Det vart også presisert frå næringsdrivande sjølve at alle næringsdrivande og byggeigarar i Fjøra måtte vere med på eit felles løft for å gjere sentrum endå trivelegare sommaren 2021.

Arbeidsgruppe

Kommunen skal tilby ein liknande idéverkstaden til dei ulike råda i kommunen for å få innspel frå ulike brukargrupper. Alle innspela vert samla og vurderte av ei arbeidsgruppe som består av Kari-Anne Strandman frå teknisk drift, Torkjel Solbraa frå nærings- og samfunnsutvikling og Marianne Bergum (innleigd landskapsarkitekt) frå Laga Handverk.

Planen er at både vedlikehaldsoppgåver, mindre investeringstiltak og større investeringsprosjekt skal gjennomførast så fort som råd, og helst før sommarsesongen i den grad det er mogeleg.

God arena for dialog

Sogndal kommune takkar butikkdrivarar, byggeigarar og andre næringsdrivande i Fjøra for at de investerte dykkar tankar og dykkar tid i det me håpar blir eit lite løft for Sogndalsfjøra. Den gode erfaringa frå idéverkstaden tilseier at kommunen også bør vurdere bygdelabbing ved andre høve i kommunen. Ikkje minst sidan det fungerte som ein litt meir uformell arena for dialog mellom kommunen, næringsliv og byggeigarar om sentrumsutvikling.