Informasjon om korleis du går fram for å søkja om plass eller melda deg ut, finn du på nettsida til Sogn kulturskule.

Der finn du også informasjon om tilboda.

Sjølv om søknadsfristen er 1. mai, er det mogeleg å søkja plass heile året. Men dei som søkjer innan fristen, vil ha prioritet føre dei som søkjer seinare.

Ynskjer eleven å slutta, må føresette senda inn skriftleg utmelding innan 1. mai for å sleppa å betala fullt for det påfølgjande semesteret.