Heile 170 framlegg til namn kom inn då kommunen lyste ut namnekonkurranse. Ei nemnd har plukka ut tre forslag, og onsdag skulle formannskapet koma med si tilråding.

Politikarane uttrykte begeistring for det stor engasjementet rundt konkurransen.

Under debatten kom det fram at det alt er ein stad i Sogndal sentrum som heiter «Fjørakloppi», som var eitt av dei tre forslaga som var trekte fram av nemnda. Dette forslaget vart det difor ikkje røysta over.

Bjarte Stedje (Sp) kom med framlegg om at brua skal heita «Osenbrui». Dette framlegget gjekk vidare til prøverøysting saman med «Sikksakken» og «Vandrasaman-brui».

Under prøverøysinga fekk «Sikksakken» 3 røyster, «Vandrasaman-brui» fekk 2 røyster og «Osenbrui» fekk 4 røyster.

Det vart røysta over alternativa «Sikksakken» og «Osenbrui». Alternativet «Sikksakken» fekk 3 røyster og framlegget «Osenbrui» fekk 6 røyster.

Formannskapet rår kommunestyret til å vedta at den nye gangbrua knytt til Fjordstien i Sogndal sentrum skal heita «Osenbrui».

Kommunestyret avgjer 6. mai kva som bli namnet på den nye brua.

Meir informasjon om namnekonkurransen og forslaga som er sende inn, finn du i saksutgreiinga og møteprotokollen i møteplanen.