Sogndal kommune har laga ei felles digital 17. mai-sending med mellom anna tale frå ordførar Arnstein Menes, russetalar og musikkinnslag:


Programmet for sendinga og talane som tekst finn du her

Felles for alle stadane

  • Kl. 12.00 Heile Noreg syng nasjonalsongen.
  • Sjølv om det står klokkeslett, unngå større samlingar av personar.

   Hugs å følgje smittevernreglane

  • Vask hendene

  • Hald minimum ein meters avstand til andre, og hald avstand til stader der folk samlar seg.

  • Ver heime om du er sjuk.

Om korps og tog
Det er berre korpsa som skal gå i tog. Ingen må henga seg på bakom eller samla seg tett i store folkemengder langs dei ulike rutene.

Balestrand

Kl. 11.15 Gudsteneste i hotellhagen, Kviknes hotell. Balestrand songlag og Balestrand musikklag deltek. Påmelding på sogndal.kyrkja.no eller 920 60 832. Gudstenesta sluttar av med nasjonalsongen.  

Kl. 12.00 Heile Noreg syng nasjonalsongen saman.

Kl. 12.45 Markering ved Balestrand Helsetun for bebuarane. Helsing frå kommunen ved Hans Christian Knudsen.

Sporleik ved 8. klasse. Start ved Sagatun skule i tidsrommet kl. 12.00  til 14.30. Deltakarane går ut i smågrupper (familie, vener) for å overhalda smittevernreglane. Sporleiken vert avslutta  i Holmen. Hugs å ta med blyant eller penn !

9. klasse vil selje grillmat, vafler, is og kaker i Holmen frå kl. 12.00 til 15.30.

Fjordane

Kl. 11.15 Felles gudsteneste i hotellhagen, Kviknes hotel. Balestrand songlag og Balestrand musikklag deltek. Påmelding på sogndal.kyrkja.no eller telefon 920 60 832. Gudstenesta sluttar av med nasjonalsongen.  

Kl. 12.00 Heile Noreg syng nasjonalsongen saman. 

Kl. 13.00 Traktor/bil konvoi frå Sikebakken i Vetlefjorden og til Sværen

Kl. 14.00 Oppmøte i Sværen ved buss-skur

- Felles song saman med skule og barnehage

- Natursti med oppgåver og aktivitetar

- Utdeling av is til liten og stor

- Ta gjerne med eigen kaffe/te, sitjeunderlag/stol.

- Alle sit i grupper

- Avslutning etter kaffi og is

Fjærland

Markeringane vert strøyma på Facebook-sida «Fjærland 2021».

Kl. 08.00 Trommesalutt og flaggheising (direkte strøyma)

Kl. 11.00 Start på kyrkjegarden. Kransenedlegging. Skuleelev les eit par ord. Korpset spelar «Ja, vi elsker». 

Held fram i Mundal framom Busenteret: 

- Velkomen ved konferansier
- Korpset spelar
- Helsing ved Helsetunet ved varaordførar Vibeke Johnsen
-Tale ved Noralv Dyrstad

(Alt fram hit blir strøyma)

- Traktorkortesje - om Skinnskovegen.

13.30 – 15.30 Natursti og leikar i hotellhagen for born. Skyting på skytebana ved skyttarlaget.

Kaupanger

Kl. 08.00 Salutt!

Kl. 08.00 Kaupanger Speidartropp heisar flagget ved Kaupanger skule

Kl. 10.30 Kaupanger ungdoms- og skulekorps spelar ein runde nede i Kaupanger

Kl. 11.15 Utegudsteneste ved Kaupanger stavkyrkje.

Kl. 12.00  Heile bygda syng «Ja, vi elsker dette landet»

Kl. 12.15 Korpset spelar langs normalruta til barnetoget (Furuli-Bjørk)

Kl. 14.00 Bilkonvoi (20 km/t) med pynta køyretøy i runde frå rundkøyring ved Senterparken til Kaupanger ferjekai, og båtkonvoi med runde på Amlabukti. Vegtrafikklova gjeld. Det vil stå vakter ved begge ender.

Kanalen «17. mai Kaupanger 2021» på Youtube vil innehalde dei faste programpostane:

  • Velkomst til feiringa frå 17. mai-komiteen
  • Kreativt innslag frå 6. klasse
  • 17. mai-talen til 10. klasse
  • «Ja, vi elsker» ved Kaupanger bygdakor.

Vi vil også publisere opptak frå dagens program (sjekk «17. mai Kaupanger 2021» og facebooksida «Kaupanger før og no».)

Leikanger

Kl. 08.00 Flaggheising på 17. maihaugen i Eitorn.

Kl. 10.00 Kransenedlegging ved kyrkja, minnetale ved Henny Kristin Asperanden Navarsete.

Kl. 11.15 Salutt. Leikanger skulemusikk marsjerer frå Skrivargarden til sjukeheimen.

Kl. 11.00 - 17.00 17.mai-vandring med rebus.

Kl. 12.00 Nasjonal allsong: “Ja, vi elsker”. Musikklag og skulemusikk spelar ved sjukeheimen. Helsing frå kommunen ved Anna Hamre.

Kl. 12.15 – «Popup-korps». Leikanger musikklag vil spela ulike stader i bygda.

Kl. 17.00 – Direktesending på nett med høgdepunkt frå dagen og innslag frå kulturlivet og andre i bygda. Til facebookarrangementet, klikk her.

Norane

Kl. 11.30  Inviterer vi alle som disponerer båt til båtkonvoi frå Staai til Ytre Slinde via Fimreite. Med om lag 6 knops fart vil vi bruke om lag ein time på turen. Alle er velkomne til å delta - kom med den båten du har! Vi oppmodar dei som ikkje har høve til å vere med i konvoien, til å finne seg ein ledig plass ved fjorden (med god avstand til andre folk), og vinke med flagg. Vi håpar så mange som mogeleg vil delta!

Vi legg ut nokre kulturhistoriske- og aktivitetspostar langs den vanlege 17. mai tog-ruta frå Staai, på gangvegen ut til paviljongen, og innom Draumeplassen. Denne kan de gå når det passar dykk i løpet av dagen (lagt ut dagen før).

Digitalt program:

Tale for dagen v/Gunn Haugen – denne finn de på kanalen Hallo Sogn streaming og video tjenester – YouTube.

Dronefilm frå bygda vår laga av Rune Venes med song frå elevar i 1.-4. klasse ved Norane skule og musikk ved Norane Skule- og ungdomskorps. Denne finn de på kanalen Rune Venes - YouTube

Det vert høve til å vippse digital kaffi, kake eller is for dei som ynskjer det: Vipps til 687725 (eller søk opp Norane Idrettslag og vel 17. mai i «butikken»)

12. mai arrangerer skulen eiga feiring for elevane, i sine kohortar. Det blir barnetog, 17. maileikar og program ved paviljongen. 17. mai komiteen kjøper inn nokre premiar til dette arrangementet.

Sogndal

Kl. 08.30 Loftesnes, markering for Eidsvollsmennene ved varaordførar Vibeke Johnsen.

Kl. 09.30 Markering ved Bautasteinen ved Stedje kyrkje: Karen Marie Hjelmeseter

Kl. 09.45 Gudsteneste Stedje kyrkje

Kl. 11.55 Salutt

Kl. 12.00 Heile Noreg syng nasjonalsongen saman.  Sogndal musikklag og Sogndal skulemusikk vil spele litt i sentrum

Frå kl. 12.00 Båtkonvoi på fjorden

Kl. 13.00 Markering ved Sogndal helse- og omsorgssenter. Helsing frå kommunen ved Gunnhild Bøyum. Sogndal musikklag og Sogndal skulemusikk spelar.

Kl. 16.00: Pynta bussar frå Indre Sogn Veteranbusslag køyrer i Sogndal sentrum.

Grendene i Sogndal sentrum kan bruke nærleikeplassane for leik til barna.

Annonse i Sogn Avis 11. mai

Annonse med programma for 17. mai i Sogndal kommune. Programma kan verta oppdaterte, sjå program for kvar bygd i lista over.