- Me var rundt 15 personar som heldt på i tre timar. Me fekk gjort veldig mykje og var godt nøgde etterpå, fortel Kari-Anne Kirsebom Strandman i Sogndal kommune.

Ho set stor pris på at medlemmene i Sogndal hagelag vil vera med og bidra til eit trivelegare sentrum.

- Det er veldig kjekt og inspirerande å treffa engasjerte folk.

Kari-Anne Kirsebom Strandman har sidan april hatt 30 prosent av stillinga si i kommunen knytt til administrering av stell av grøntanlegg.

- Etter kommunesamanslåinga har dette diverre ikkje vore noko prioritert område, men no vil me fokusera meir på stell av grøntanlegg framover, ved at me byggjer opp ei grøntavdeling. Me har mykje gode ressursar og kunnskap om dette i kommunen, og me må bruka dei, seier ho.

Maskiner frå kommunen i sving på grøntanlegg i Sogndal sentrum.
(Foto: Kari-Anne Kirsebom Strandman)

Sjølv om Strandman ikkje kan lova at alt vil vera på plass denne sommaren, skal folk merka eit løft frå i fjor.

- Me vil planta sommarblomar i alle dei tre sentruma, Sogndal, Leikanger og Balestrand, noko som ikkje vart gjort i fjor. Me vil også følgja opp med luking i sentrumsområda, og plenane vil bli klypte, slik dei også har vorte før. Dette vil i hovudsak blir gjort av sommarvikarar, fortel ho, og legg til at kommunen startar her og vil auka ambisjonane etter kvart.

Strandman er oppteken av at dei som har noko på hjarta knytt til grøntanlegga, skal få formidla dette til kommunen. Ho oppmodar difor folk om å senda ho ein e-post på adressa: kari-anne.kirsebom.strandman@sogndal.kommune.no.

- Det er viktig at me får notert det ned, sjølv om me ikkje alltid får gjort noko med det med ein gong. Og ved behov vil me ta kontakt for meir informasjon eller vidare oppfølging.