Dei eldste barna sto i kor ute på trappa og gleda oss med nydeleg song. Alle songane handla om å vera venner og ta vare på kvarandre. Den eine teksten hadde dei laga sjølve, og songen skildra korleis dei jobbar for å få til eit godt og inkluderande læringsmiljø for barna. 

Marie Ovrid (tenesteleiar) heldt tale og kunne stolt fortelja kor godt dei har det i Kyrkjebakken barnehage. Marie avduka bursdagsgåva som bekrefta orda i talen. Det var eit flott skilt med teksten:  «Ein god plass å vera, for å leika og læra».

Markeringa vart avslutta med servering av både is og pølser.

Sogndal kommune gratulerer Kyrkjebakken barnehage!