Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar. No treng Miljødirektoratet hjelpa di til å stoppa spreiinga av hamnespy.

Kva kan du gjera?

Det viktigaste er å sjekka båt og utstyr jamleg. Du bør òg botnsmørja båten med anti-fouling maling før du set han ut.

Har du fått hamnespy på båt eller utstyr?

Båtar og utstyr som har lege i sjøen i vinter, og båtar og utstyr med hamnespy, bør du behandla på ein av følgjande måtar:

• Set båt og/eller utstyr på land i ei veke.

• Heis opp og spyl, eller skrap i botnen av båt og/ eller utstyr. Sørg for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen.

• Plasser utstyr med begroing i ferskvatn i minst 6 timar.

Les meir om korleis du kan bidra til å stoppa spreiinga av hamnespy: Stopp spredning av havnespy - Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)