Sidan januar har innbyggarane i kommunen kunna henta sjølvtestar for koronasmitte hjå fleire næringsdrivande i kommunen. No blir dette samarbeidet avslutta, sidan det ikkje lenger er naudsynt å testa seg ved mistanke om koronasmitte.

Tysdag 26. april var assisterande kommunalsjef Anita Foss Midlang innom dei som har stilt opp, med ei blomehelsing.

- Me set stor pris på den innsatsen som dei tilsette i butikkar og andre har lagt ned for å gjera sjølvtestane lett tilgjengelege for innbyggarane i kommunen vår. Dei fortener ein stor takk for god innsats i koronadugnaden. Tidlegare i vinter takka me dei frivillige som har bidrege i samband med vaksineringa, og no dei som har hjelpt oss å dela ut sjølvtestar. Kommunen er takksam for alle som har stilt opp og gjort det mogeleg å løysa utfordringane knytt til pandemien, seier Midlang.

Sogndal kommunen takkar dei som har hjelpt oss med å dela ut sjølvtestar:

  • Joker og Coop i Balestrand
  • Coop Prix Leikanger
  • Meny Sogndal
  • Vitemeir på Kaupanger
  • Jon-Ove Eineteig i Fjærland
  • Leikanger Røde Kors

Det er ikkje lenger naudsynt å testa seg viss ein har symptom på koronasmitte, men ved nyoppståtte luftvegssymptom, skal du framleis halda deg heime til du føler deg frisk. Meir informasjon finn du på nettsida helsenorge.no: Testing for koronavirus - helsenorge.no

I Sogndal kommune vil du framleis kunne få utdelt sjølvtestar på legekontora dersom du ynskjer eller har behov for ein test.