17. mai-helsinga som tekst

Kjære innbyggjarar og besøkande i Sogndal kommune, hjarteleg til lukke med dagen!

Me feirar fred, fridom og folkestyre - nasjonaldagen vår med eit dystert bakteppe. Pandemien er endeleg over, men så dukka det opp ei endå større krise – krig i Europa. Saman med alle andre står kommunen og bygdene våre klare til å ta imot ukrainske flyktningar. Nokre er allereie komne, og fleire er på veg. Vi må stå opp for demokratiet og fellesskapet.

I dag handlar mi digitale helsing til dykk om korleis me kan gjera ein forskjell, ikkje minst når me no skal visa vår gjestfridom. Den handlar om dei som alltid gjer det vesle ekstra, om det å strekke seg langt for å hjelpe andre, enten det er kollegaer, for arbeidsplassen sin eller lokalsamfunnet. I offentleg forsking kallar dei det «ekstrerolleatferd», det å gjere meir enn det som er forventa av deg.

Dette er dei personane som møter andre med hjarta, og utstrekte hender.

Grunnlaget for det eg skal sei her kjem frå ei undersøking frå 2019 i offentleg sektor om arbeidsklima – kva gjer at folk trivast i jobb.

Kven er desse personane som påtek seg oppgåver uoppfordra, stiller opp, viser interesse? Dei som blir motivert av dette – utgjer ein stor verdi for arbeidsplassen og/eller lokalsamfunnet. Dei forsvarar organisasjonen, dei er stolte når dei representerer, dei har stor lojalitet.

Forskinga syner at det har lite å sei kva utdanning, alder og kjønn ein har, eller kva sektor ein jobba i. Nokon fell utanfor arbeidslivet, og dei tykkjer nok det er vanskeleg å finna sin plass – det er bruk for deg og – og du finst i vårt nærmiljø.

Responsen du gjev betyr noko for dei rundt deg, enten du er ung eller gamal

Liva våre handlar fort om bustad, jobb, utdanning, karriere, familie og kvardagen for kvar av oss. Eg vil at me alle skal heie fram desse personane som syner positiv ekstrarolleatferd. Min påstand er at me finn mange av desse personane i frivillige lag og organisasjonar. Me feirar i 2022 dei frivillige. Me er utruleg heldige her i kommunen vår som har ei rekke frivillige lag og organisasjonar som bidreg til auka aktivitet i lokalsamfunna våre. Lat oss alle gjere det vesle ekstra for å hjelpa andre.

I Sogn har me eit og flott prosjekt som heiter «Sogn for alle» – prosjektet rettar seg mot dei som kjem til regionen vår frå andre land. Me har eit ansvar for å læra desse personane om frivillig arbeid, kva dugnad er for noko – men og korleis lokalsamfunna våre fungerer og utviklar seg. Eigentleg gjeld dette alle som kjem flyttande hit til oss, enten dei kjem frå eit anna land, ein annan del av landet eller frå ei av nabobygdene våre. God inkludering er nøkkelen. Difor vil eg at du i dag på nasjonaldagen, og i dagane som kjem tek kontakt med den nye naboen, nokon du ikkje har snakka med før, og inviterer vedkomande inn i lokalsamfunnet. Møt folk med hjarta!

Eg vil til slutt ta opp att det eg sa i 17.mai-talen i 2020: Me kan ikkje organisere oss vekk frå det at alle har ansvar for å bry seg om dei rundt seg, snakke fint om kvarandre, ynskje det beste for nesten vår – samfunnskvaliteten er summen av alle små val som vert teke i kvardagen av kvar og ein av oss.

Me ynskjer at landet vårt framleis skal vere prega av dugnad, demokrati, fellesskap, aktiv deltaking, ekstrarolleatferd.

Nok ein gong, til lukke med nasjonaldagen! Et is, kos deg og ta den praten som vil gjere dagen din endå betre!

Arnstein Menes, ordførar i Sogndal kommune