Kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo seier at ein allereie i dag opplever utfordringar ved rekruttering, og då særskilt innanfor faggruppene sjukepleiar og lege.

- Dette vil i framtida utfordra oss i stadig større grad når store årskull går av med pensjon, og me møter ei framtid med stadig færre hender. I tillegg vil me frå 2026 og i åra framover få ein sterk auke i tal eldre. Då blir dei første etterkrigskulla 80 år. Mange vil vera friske og aktive eldre, men fordi det blir fleire, vil me likevel få mange som skal ha tenester frå oss. Tenestene opplever også utfordringar med at me i dag ikkje har gode nok kartleggingsverktøy ved tildeling av tenester. Det gjer det utfordrande å innvilga likeverdige tenester til innbyggjarane. Dette skjer samstundes som me i liten grad har teke i bruk velferdsteknologi, og klarer derfor heller ikkje å ta ut gevinstar ved å jobba smartare.

På bakgrunn av utfordringane innanfor helse og omsorg, og den økonomiske situasjonen til kommunen, har kommunestyret bestilt ein ekstern gjennomgang av sektoren. Ordførar Arnstein Menes seier at ein i den politiske bestillinga var opptekne også å få innspel og føringar for korleis kommunen skal drifta tenestene innanfor helse og omsorg i framtida.

Sidan januar har helse- og omsorgssektoren i kommunen, saman med konsulentselskapet Aganda Kaupang, gjort ein analyse av tenesteeiningane institusjon, heimetenester, bu- og miljøtenesta og vedtakskontoret.

- Me har hatt ein grundig prosess med bidrag frå ekstern konsulent i Agenda Kaupang, samt ressursar frå leiargruppa, hovudtilitsvalde og økonomi. Det har òg vore gjennomført intervju med fleire tilsette, tillitsvalde og leiarar. Eg er svært takksam for at så mange har delteke og brukt sin kompetanse og tid inn i prosjektet, seier Marit Reppen, kommunalsjef for helse- og omsorg.

- Rapporten som i dag blir lagt fram, trekkjer fram forslag til tiltak som gjer at me også i framtida vil kunne gje gode og likeverdige tenester til innbyggjarane våre. Me må veksa smartare, og det krev samarbeid på tvers av tenesteeiningar. Mange av tiltaka i rapporten er retta mot helse og omsorg, men for å lukkast med planlegging for framtida, krev det at heile kommunen bidreg for å skapa eit meir aldersvennlege samfunn, seier kommunedirektør Tor-Einar H. Skinlo.

- Rapporten gjev oss kunnskap om tenestene våre i dag og peikar på moglegheita me har. Eg ynskjer å understreka at ingenting er bestemt, og at me no skal ha ein grundig prosess framover. Me arbeider no fram mot kommunestyremøtet i juni, der politikarane skal handsama saka med ei fagleg tilråding. Nokre tiltak blir tilrådd i juni, og så må me halda fram med utviklingsarbeidet i sektoren, seier Reppen, som håper på gode innspel i tida framover.

- Me vil oppmoda alle tilsette om å setta seg inn i rapporten og bruka den som grunnlag for å engasjera seg i korleis ein vil ha tenestene framover, seier hovudtillitsvald Siv Laila Eriksen.

I fellesskap oppmodar ordførar, kommunedirektør, kommunalsjef og hovudtillitsvalde om at ein kjem med innspel på kva som bør vera vegen vidare for helse- og omsorgstenestene i Sogndal kommune.  

- Endringa som me no startar, gjeld oss alle, det er me som lag som skal forma vegen til framtida si helse- og omsorgsteneste – til beste for innbyggarane og dei som jobbar i tenestene våre, seier hovudtillitsvald Elin L. Christensen og kommunalsjef Marit Reppen.

Rapporten frå Agenda Kaupang på statusen for helse- og omsorgstenestene i Sogndal kommune finn du her:

Tilsett som ynskjer å koma med innspel, kan ta kontakt med tillitsvalte eller nærmaste leiar. Andre som vil koma med innspel, kan senda det på e-post til: postmottak@sogndal.kommune.no.