Vatnet var stengt i store delar av Sogndal tysdag medan skaden vart utbetra.

Det har vore jobba på spreng for å reparera skaden. Like før klokka 17 var skaden reparert, og vatnet skrudd på att. Det var venta at alle skulle ha fått att vatnet innan klokka 17.30, men for nokre abonnentar tok det diverre noko lengre tid.

Me beklagar ulempene vasstenginga har ført med seg.

Det vart sendt SMS-varsling til abonnentane då vatnet måtte stengast. Fekk du ikkje melding? Her finn du informasjon om kva du kan gjera for at me skal nå deg med SMS-varsling.

Kart som syner av ca 800 abonnentar i Sogndal sentrum er råka av vasstenginga.Kart over området som er råka av vasstenginga.