Sektorplan for helse- og omsorg skal seia korleis me skal utvikla framtidsretta og berekraftige tenester for innbyggarane. Planen skal vera eit viktig styringsverktøy for sektoren, der tidleg innsats og førebygging står sentralt. Planen blir eit bindeledd mellom kommuneplanen sin samfunnsdel - som viser mål og retning - og økonomiplanen.

Det er laga eit mandat for arbeidet med planen. Utval for framtidas helse- og omsorgstenester handsama mandatet i møtet torsdag, og vedtok mandatet slik det låg føre.

Leiarar, rådgjevarar, tillitsvalde og representantar frå eldreråd og råd for menneske med nedsett funksjonsevne skal no jobba fram planen. I arbeidet med planen vil me få fram ulike grupper sin innsikt og kunnskap, og sikra at både tilsette og brukarane får påverka korleis me utformar tenestetilbodet framover.

Planen skal synleggjere verdiar, mål og utviklinga av gode og berekraftige helse- og omsorgstenester for kommunen sine innbyggarar. Arbeidet med planen er ei vidareføring av arbeidet som vart sett i gang av kommunestyret i desember 2021. Agenda Kaupang leia første halvår 2022 arbeidet med å laga ein rapport med status for sektoren og framlegg til framtidige tiltak. Gjennomgangen til Agenda Kaupang peikar på behovet for å utvikla ein felles strategi og plan for helse- og omsorgstenesta.

Utval for framtidas helse- og omsorgstenester er eit mellombels politisk utval, leia av varaordførar Vibeke Johnsen. Utvalet skal koma med ei tilråding til kommunestyret på ein heilskapleg plan for helse- og omsorgstenestene i Sogndal kommune.