Strategien skal ramma inn arbeidet for kulturkommunen 2030, både i innhald, omfang og arbeidsmåte. Kommunen ynskjer breiast mogeleg involvering i arbeidet med kulturstrategien. Difor inviterer me brukarar, kulturaktørar, lag- og organisasjonar, tilsette og politikarar til å delta i prosessen.

Dette vert eit spennande og viktig arbeid. Sogndal kommune har i samfunnsplanen adressert kultur på eit overordna nivå, no skal dette konkretiserast. Då ynskjer me, slik som i arbeidet med samfunnsplanen, at så mange som mogleg engasjerer seg og kjem med innspel.

Me har hatt to temamøte der me har kombinera innspel frå eksterne innleiarar, med kafédialog. Møta vart strøyma og tekne opp. Du kan sjå opptak av møta i videorutene under.

Framtidas bibliotek, det regionale kulturhuset, Sogn kulturskule
Dag, stad: Tysdag 30. august, Quality Sogndal hotel
Program for møtet 30. august

Du kan sjå møtet i opptak i videoruta under:

Kunstbygdene i Sogn og kulturminna som utviklingsressurs
Dag, stad: Tysdag 6. september, Kviknes hotel, Balestrand
Tid: 18.00–21.00
Program for møtet 6. september

Du kan sjå møtet i opptak i videoruta under:

Det også vert fem lokale innspelsmøte, der me skal sjå utkast til kulturstrategi opp mot lokale tilhøve. Oversyn over desse møta, og anna informasjon, finn du på nettsida https://www.utfordrarbygda.no/kulturstrategi.

Her kan du også gje innspel til arbeidet med kulturstrategien.