Kristin kjem frå stillinga som beredskapsleiar i Vestland fylkeskommune, og har leiarutdanning og ei årrekke som offiser i Forsvaret bak seg. Ho er òg kjent frå kommunepolitikken i Sogndal kommune, og med denne tilsetjinga trer ho ut av alle politiske verv.

- Jobb, politisk erfaring og styreverv gir ulike perspektiv. Eg har tidlegare arbeidd i krysselden mellom politikk og administrasjon, og har med meg ein heilskap eg trur kjem godt med i denne jobben, seier ho.

Kristin er opphaveleg gudbrandsdøl, og er busett på Valeberg i Kaupanger. Ho startar i kommunen 1. desember.  

- Jobben som kommunalsjef gir moglegheita til å jobba med utruleg flinke folk både i og utanfor eige organisasjon. Å ha ansvaret for å vera lagbyggar og gje retning til tenestene som skal leverast innan samfunnsutvikling, næring og kultur er utruleg spanande, og ei moglegheit eg ikkje kunne la gå frå meg.

Kommunalsjefområdet ho no får ansvaret for, samlar tenestene retta mot innovasjon, samfunnsutvikling, næringsutvikling, frivilligheit og kultur. 

- Eg er oppteken av å ha god dialog, og av at vi skal vera konstruktive og driva framsnakking. Den beste kommunen skapar vi i lag med innbyggjarane våre, og vi må klara å bruka det fantastiske engasjementet som finst i kommunen vår for å finna dei gode løysingane.