Administrasjonen i Sogndal kommune har bestilt eit kunnskapsgrunnlag for den vidare planlegginga av ny barneskule i Sogndal sentrum. I forkant av oppdraget vurderte planavdelinga kva alternativ som kan vere aktuelle, og gjekk vidare med dagens barneskuletomt på Trudvang, og i tillegg Kvåle og Fosshagen. Eit areal på Kvåle har lenge vore drøfta som ny barneskuletomt, men området som no vert sett på er utvida til heile Kvåle. Fosshagen-alternativet er nytt, og omfattar området sør for Fosshagen utdanningsbarnehage. Moglegheitsstudiet skal også vise gode plasseringar av ny basis- og fleirbrukshall i tilknyting til alternativa i Fosshagen og på Kvåle, anlegg for kroppsøving på Trudvang og alternativ bruk av Trudvangtomta.

Moglegheitsstudiet vert utarbeidd ut frå føringane i samfunnsplanen, og skal legge vekt på moglegheiter for eit godt skuleanlegg inne og ute, trafikkløysingar og annan infrastruktur, sambruk og skulen som nærmiljøfunksjon, skulen si rolle i stadutviklinga, klima- og miljøbelastning, gjennomføring og økonomi.

Det vert lagt til rette for medverknad til prosjektet, frå moglegheitsstudie til ferdig skule. På ei eiga side kan ein følgje prosessen og gje innspel til dei ulike fasane av prosjektet. Det vert oppretta ei brukargruppe med representantar frå leiinga og dei tilsette, og referansegrupper for Trudvang og Kvåle. I referansegruppene sit representantar frå personalet, elevråd, FAU og SFO. Medverknaden vert leia av Bjarte Ramstad, rektor ved Trudvang skule. I utarbeidinga av moglegheitstudiet vert interessegruppene intervjua av HRP om deira syn på dei dei ulike alternativa.

Moglegheitsstudiet vert levert av HRP 1. november 2022 og presentert for offentlegheita same veka. Det vert lagt opp til ein innspelsrunde der interessegrupper og offentlegheita elles vert oppmoda om å gje innspel til val av lokalisering. Deretter skal ei administrativ innstilling for lokalisering leggast fram for politisk handsaming.

Møtereferat frå oppstartsmøtet moglegheitsstudie ny barneskule Sogndal