Sommaren 2022 inviterte Sogndal kommune byggeigarar og næringsdrivande til ein uformell konkurranse om å skapa kommunen sitt trivelegaste sentrumsbygg. Ein jury beståande av Marianne Bergum, Olga Jorddal, Anne Sigrid Skjerdal og Torkjel Solbraa har hatt særleg auge for trivelege næringsbygg gjennom sommaren.

Laurdag 10. desember fekk Chanatnan Ditsayachaiphong og Janne Nes seg ei overrasking. Då tok nemleg varaordførar Vibeke Johnsen ordet under julemarknaden på Hermansverk for å gratulere Skald Eigedom og Herman Sushi og Thaipas med prisen for Sogndal sitt trivelegaste sentrumsbygg sommaren 2022.

Om vinnaren uttaler juryen:

«Vinnaren har skapt eit fargerikt og koseleg innslag kloss i riksvegen. Logoen er tiltalande og bruken av blomar og sykkel for å pynte opp inngangspartiet er enkel, men effektiv. Bygget er godt teke vare på og er eit eksempel til etterfølging på korleis gamle bygg i aktiv bruk kan bidra til auka trivsel i sentrum. Byggeigaren har klart å kombinere lokal bygningshistorie med litteratur, kunst, design, matkultur og anna næringsverksemd på ein ypparleg måte. Vinnarane av Sogndal kommune sitt trivelegaste sentrumsbygg sommaren 2022 er Gamlehotellet på Hermansverk, med byggeigar Skald Eigedom AS og næringsdrivane av Herman Sushi og Thaipas, Chanatnan Ditsayachaiphong».

Med gratulasjonen følgjer det ei lita merksemd som me håpar vil bidra til endå meir trivsel neste sommar.

To damer får overrekt blomehelsing frå dame med ryggen til. Biletet er teke ute, det er snø og blå himmel.

Janne Nes, frå byggeigar Skald Eigedom AS, og næringsdrivane av Herman Sushi og Thaipas, Chanatnan Ditsayachaiphong fekk gratulasjonar frå varaordførar Vibeke Johnsen. (Foto: Roar Werner Vangsnes)