Desse stadene har ope bål torsdag 15. desember klokka 17:

  • Kaupanger: Ved julegrana i parken ved Europris
  • Sogndal: Ved kommunehuset
  • Leikanger: Saften
  • Balestrand: Grjotvin (kvileplassen Livd) i Villavegen

Ta godt vare på kvarande i førjuls- og romjulstida. Treng du inspirasjon? Her er nokre tips til sosialt samvær:

  1. Inviter til ope bål.
  2. Gå ein tur med nokon.
  3. Ring ein ven som er åleine.
  4. Tilby datahjelp til nokon som treng det.
  5. Hjelp nokon med praktisk arbeid.
  6. Spør korleis nokon har det.
  7. Et kveldsmat i lag.
  8. Ta med ein ven på eit av dei mange arrangementa som ligg på Kva skjer-appen.
  9. Meld deg som frivillig.