Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjuk. Tablettane kan du få på resept, og det er legen som vurderer om behandling med Paxlovid er aktuelt for deg.

Det er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du testa deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
  • Alle som er over 80 år.

Kva skal du gjera viss du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du òg feber eller vondt i hovudet.

Viss du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Viss sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakta fastlegen din eller legevakt.

Viss testen ikkje viser at du har korona, kan du venta med å kontakta fastlegen.

Viss symptoma blir verre, bør du kontakta lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

I Sogndal kommune kan du få sjølvtestar på legekontora. Det er også mogeleg å kjøpa sjølvtestar på apotek og i enkelte butikkar.

Dersom du ikkje er i risikogruppa, treng du ikkje testa deg for korona sjølv om du har luftvegssymptom.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona viss:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret.
  • Du er over 65 år, du har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og du har ein alvorleg kronisk sjukdom.
  • Du er over 80 år.
  • Du er over 50 år og har aldri teke koronavaksine.

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjera for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona, er å ta koronavaksine.

Sidan det ikkje lenger er registrering av tal koronasmitta, har me ikkje oversikt over kor mange som er smitta i Sogndal kommune.

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjera viss du blir sjuk, finn du på nettsida Helsenorge.no