I samband med rutinemessig prøvetaking av drikkevatnet i Balestrand vart det 22.03.2023 påvist eit lågt tal med interstinale entrokokkar i øvre trykksone. Det tyder på ei ytre forureining i sona, og nye prøvar blir teke for å avklare kvar forureininga kjem frå.

Kommunen anbefalar sterkt at ein koker alt vatn meint til matlaging og drikking fram til kommunen friskmelder anlegget. Me beklager ulempene dette fører med seg.

Sjå meir informasjon om koking av drikkevatn frå FHI: Hva bør du gjøre hvis du får beskjed om å koke drikkevannet? - FHI