Møtet fann stad på Sogndal hotell den 29. mars. Kulturskulen setta ramma med flott musikk og varaordførar Vibeke Johnsen ynskte velkommen.

Alle elevar frå 1.–7. klasse har hatt høve til å gi innspel til den nye skulen. Desse ligg på utfordrarbygda.no. I forkant av samskapingsmøtet hadde born og vaksne sett seg grundig inn i innspela og reflektert over kva skule dei ynskte seg.

Saman laga born og vaksne ei ordsky som synte kva born  er opptekne av. Med utgangpunkt i ordskya og nye idear som vaks fram, bygde barn og vaksne den nye skulen i Lego. God mat og felles aktivitetar var viktig før ein etter lunsj gjekk i gong med å prøva å finna svar på kva slags skule ein ville ha. Kva er ein god skule for born?  Dette er krevjande å svara på, men det kom fram mange flotte perspektiv som til dømes at dei vil ha ein skule der born kjenner seg trygge og ingen går åleine. 

Om ikkje lenge skal arkitektar og designarar utfordrast på å teikne skulen mellom anna med utgangspunkt i resultatet frå møtet 29. mars. Det vil difor bli haldne to likande møte undervegs i teikneprosessen der arkitektar og designarar får høve til å samskapa i lag med born.

Høgskulen på Vestlandet har eit forskingsprosjekt som aktivt er med å utformar og gjennomfører samskapingsprosessen. Ph.d. stipendiat Bjarnhild Samland planlegg, gjennomfører og evaluerer samskapingsprosessen i lag med tilsette og elevar. Dei ynskjer å finna fram til ein god metode for samskaping som andre kan nytta og som kan ha overføringsverdi til andre område.

Ei ordsky der orda gymsal, lydtette veggar, bibliotek, chillerom, kantine, bedre stolar, gode toalett, trampoline, store garderobar og universell utforming har fått størst utheving.