Det har vore lyst ut eit vikariat, og ein ny veterinær er på plass frå august månad. Dei to veterinærane som er att i vaktsamarbeidet, har strekt seg langt for å få fylt alle vakter, og har nesten utan unntak klart dette. Den reduserte bemanninga er særleg sårbar i lamminga, då det alltid er bakvakt for vakthavande veterinær.

Det er kommunane som er ansvarlege for veterinærvakt, med Luster kommune som vertskommune for Sogndal og Luster. Luster kommune er såleis ansvarleg for å sikre vaktberedskapen, og har ikkje lukkast å rekruttere inn ein ny veterinær våren 2023. Dei to veterinærane som har vakt, dekker kvarandre opp med vakt og bakvakt gjennom lamminga, og dei gjer sitt ytste for å sikre gode tenester til dyreeigarar i Luster og Sogndal. Luster kommune som ansvarleg ber likevel om forståing dersom den reduserte kapasiteten fører til noko lenger ventetid enn det vanlegvis er i veterinærvaktdistriktet.