Me arrangerer ein pop-up dag i Fjærland 3. juni. Her kan du som bedrift, organisasjon, lag eller foreining få moglegheita til å teste ut ein idé i Mundal sentrum. Målet med dagen er å lære meir om korleis me kan senke terskelen for at eldsjeler og gründerar kan få teste ut nye tilbod og soleis skape aktivitet i tomme lokale.

Har di bedrift, organisasjon eller lag ein idé til noko kommersielt eller ideelt de vil teste i lokalet? Det kan til dømes vere pop-up sykkelservice- og reparasjon, kunstverkstad, plantebyttemarknad, livreddarkurs, familiedisko eller noko heilt anna. Det einaste kravet er at idéen må vere mogeleg å teste ut for ein dag i eit enkelt lokale utan å trenga store ombyggingar eller liknande.

Det er ikkje nødvendig å ha eit registrert føretak eller ein organisasjon for å søke. Det viktigaste er at du klarer å gjennomføre opplegget.

Har du lyst til å vere med og teste din ide?

Fyll ut skjemaet!