Vassprøvane som var tekne fredag 23.07. og no måndag 26.07 viste ingen spor av bakteriar korkje i basseng eller leidningsnettet. Kommunen kan med det friskmelde denne delen av vassforsyningsanlegget, og opphevar med det kokepåbodet.

Kommunen vil ta ekstra vassprøvar i tida som kjem for å overvake anlegget for å halde ekstra kontroll med at vatnet er reint.

Me vil takke alle abonnentane for tolmodet som er vist. Ein ekstra takk til dei huseigarane der me har fått teke vassprøvar, og der me har fått gå gjennom hagar og slikt i samband med arbeidet som er gjort.