Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
20220405_134103

Café der Norwegische Express

Ttradisjonen tru arrangerte tyskelevane i 8. og 9. klasse kafé for tyskelevane i 10. klasse. Her føregjekk, naturlegvis, all kommunikasjon mellom kundar og kelnarar på tysk. I kafeen var det mogleg å få "kjøpt" både muffins, brownies og kjeks. Ei kjekk økt!

20220311_115225

Sol, ski og store smil!

Vêrmeldingane innfridde og det spontane bytet av ungdomsskulen sin skidag frå torsdag til fredag viste seg å vera ein innertiar. For ein dag på ski! Glade ungdomsskuleelevar susa rundt i slalombakkane og i langrennsløypene i Rindabotn. Når me i tillegg kunne innta lunsjen i kvar vår fluktstol i solsteiken, vart dagen berre endså betre. Særdeles god stemning, altså! 

20220303_140028

Superheltar!

Det var så kjekt å kunne samla heile skulen i gymsalen att til ei god, gammaldags fellessamling, rett nok med nokre digitale innslag. Ansvarlege: Elevane på ungdomsskulen med 10. klasse i spissen. Tema: "Superheltar". 

bilde -20211207-095458-d3b81aa4

Faddersamarbeid: Juleverkstad

Tysdag 7. desember hadde 5.- og 10. klasse faddersamarbeid. Alle laga seg dørkransar, som dei dekorerte med konglar og raude band. Undervegs fekk alle julegløgg og pepperkaker. God julestemning! 

20211123_092656

MOT-TIL-Å-GLEDE - dagen!

Tysdag 23. november markerte me MOT-til-å-glede- dagen. Ungdomsskuleelevane starta dagen med felles frukost på musikkrommet. Her gjekk brødskiver, pålegg og agurk ned på høgkant. Dei unge MOTivatorane våre minna oss på enkle ting me kan gjera for å gleda folk rundt oss, ikkje berre denne dagen, men kvar dag. Eit smil, eit "hei!", ein venleg kommentar eller ei hjelpsam hand kan gjera at andre får ein betre dag. MOTivatorane arrangerte eit eige MOT-lotteri med flotte vinstar sponsa av lokale butikkar. I dette lotteriet var det ikkje pengar i spel, men post-it-lappar med gode ord om andre som ein meinte fortente det. Dei vaksne prøvde òg å gjera sitt for spreia glede til elevane med eit eige lærarband og ein eigen versjon av årets BlimE-låt "Dynamitt". 

bilde -20211105-094206-fc85ae7d

Faddersamarbeid fredag 05.11.21

I dag stod det faddersamarbeid på planen til 5.- og 10. klassingane. Dei eldste elevane tok ansvar for planlegging i framkant, og hadde laga ein dansestasjon, ein brettspel/kortspelstasjon og ein stasjon med uteleik der dei hadde "Capture the flag" og "Per på boks". 5. klassingane rullerte på alle stasjonane. Til slutt var det felles lunsj i 10. klasse sitt klasserom. Dette var moro! 

IMG_0350

Faddersamarbeid

Ein hærleg dag for leikar og aktivitetar.

20210820_113200

Ungdomssteget på tur til Dueskardsvarden

Fredag 20. august sette heile ungdomssteget kursen mot Lingesete og Dueskardsvarden. Endeleg kunne me reisa på tur ilag att! Det var særs god stemning i flokken som talde nesten 60 elevar. Litt kald trekk frå nordvest gjorde at me ikkje stoppa veldig lenge på toppen, men utsikten var det ikkje noko å utsetja på. Takk for turen!