Frigjerings- og veterandagen 8. mai

Kommunane Luster, Vik og Sogndal, i lag med Noregs Veteranforbund og Forsvaret, arrangerer 8. mai ei markering av frigjerings- og veterandagen.

Markeringa finn stad ved minnesteinen på Lægereidsplassen i Sogndalsfjøra klokka 17.00.

Det vert minnetale ved ordførar i Sogndal kommune Stig Ove Ølmheim, kransenedlegging og musikalsk innslag ved Sogndal musikklag.

Etter markeringa inviterer kommunen veteranar med familie til middag på Lægreid Hotell.

Ønskjer du å delta på middagen?
Ta kontakt med Halvard Gjerde og send ein e-post til Halvard.Gjerde@sogndal.kommune.no innan 5.mai.

Vel møtt!

Sist oppdatert

Mazar-e Sharif, Afghanistan april 2007. (Foto: Eilif Rosnæs)
Fann du det du var på jakt etter?